Kosting og spyling av sentrumsgater

Bilete frå Volda sentrum med hamna og Rotsethornet i bakgrunnen - Klikk for stort bileteI perioden 2.-5. mai vert det kosting og spyling av sentrumsgatene i Volda. Arbeidet vert utført som nattarbeid av innleigd firma.

Kosting og spyling av sentrumsgater i Volda tek til søndag 2. mai klokka 19.00 og held på fram til onsdag 5. mai klokka 08.00.

Dette arbeidet vil skje i tidsrommet 19.00 til 08.00 desse 3 nettene.

Vi har hatt ein del klager på støy tidlegare år og vi ønsker difor å informere om dette på førehand. Dette arbeidet må skje på kveld/natt av trafikale omsyn i tillegg til betre tilkomst då det er lite parkerte bilar nattestid.