Kulturprisen 2019

Kommunestyret i Volda ynskjer å honorere og inspirere det gode og viktige arbeidet som vert gjort på kulturfeltet i kommunen, og deler av den grunn årleg ut ein kulturpris for Volda. Klikk for stort bilete

I retningslinene for prisen står mellom anna:

"Kulturprisen kan tildelast enkeltpersonar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar eller institusjonar som er heimehøyrande i Volda kommune, og som har vist evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege. Kulturprisen kan også delast ut til kandidatar som ikkje er busett i kommunen, dersom kulturarbeidet til vedkommande har kome, eller kjem Volda kommune til gode."

Det er sett ned ein jury på tre politisk valde medlemer som skal avgjere kven som skal få prisen.

Ørsta Volda Ballettskule ved Synnøve Rekkedal Hill fekk prisen i 2017 og Magnar Åm i 2018.

Dei fulle retningslinjene for prisen

Gi ei kort grunngiving av kvifor du meiner din kandidat er verdig ein kulturpris. 

Frist for å sende inn forslag på mottakar av kulturprisen 2019 er 1. juni.

Send til:

Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda,  postmottak@volda.kommune.no eller lever i skranken på rådhuset.

Kontakt

Astrid Gjersdal
leiar, frivilligsentralen
E-post
Telefon 70 05 88 48
Mobil 917 25 639