Kunngjering: Mindre reguleringsendring for Kyrkjhornsbakkane bustadfelt

Klikk for stort bileteFlyfoto som viser reguleringsområdetI samsvar med plan- og bygningslova §12-12 siste avsnitt, vert det med dette gjort kjent at Volda kommunestyre i møte 16.06.2021, sak 68/21, har vedteke mindre reguleringsendring for Kyrkjhornsbakkane bustadfelt – for den del som gjeld detaljregulering av Kirkhorn skule, planid:. Planvedtaket er heimla i pbl § 12-12, første avsnitt.

Kommunestyret sitt vedtak, vedteken plan m/ føresegner, planomtale og orientering om klagerett går fram av vedlegg til denne artikkelen. Klagefrist: 30.08.2021.

Omtale av planendringa

Planområdet ligg ved dagens E39 like nord for Grodås sentrum, og har eit areal på ca. 1,5 daa. Tidlegare Hornindal kommune selde Kirkhorn skule i 2018, og på vegne av initiativtakar Fr Meltzersgt 34 AS utarbeidde Aaland Arkitektkontor AS plan for endra bruk av «gamleskulen».

Føremålet med planendringa er å leggje til rette for endra bruk av Kirkhorn skule, slik at det kan etablerast 4 – 6 bueiningar i bygget, og på ein slik måte at det eksteriørmessige preget til «gamleskulen» i stor grad kan takast vare på. Etter motsegner (både frå statsforvaltaren i Møre og Romsdal og frå Møre og Romsdal fylkeskommune), gjennomført synfaring og meklingar er motsegnene trekt. Plan m/ tilhøyrande føresegner er justert i samsvar med innspela frå dei to høyringsinstansane, og vedteke av kommunestyret med endeleg verknad.

Sluttbehandling - Mindre reguleringsendring for Kirkhornsbakkane bustadfelt - detaljregulering for den del som omfattar Kirkhorn skule (L)(157834) (PDF, 337 kB)

Eigengodkjende reguleringsføresegner av 07.05.2021 (L)(161987) (PDF, 663 kB)

Eigengodkjent plankart av 16.09.2020 (L)(161988) (PDF, 935 kB)

PLANOMTALE_2151-2 – rev2 med planId (L)(161989) (PDF, 3 MB)

Planteikningar_gamle kikhorn skule Leiligheter og utv bod - jf. føresegnene § 1.3 (L)(161978) (PDF, 97 kB)