Kurs i ansvarleg vertskap

Klikk for stort bilete

Dette er eit kurs for deg som arbeider på ein skjenkestad/utestad med løyve til å skjenke alkohol. 

Kva kan vi tilby?

Kurset gjev deg opplæring i kva alkohollova krev, og kunnskap om kva som skjer med kroppen når det vert konsumert alkohol, både fysisk og psykisk.


Kven er målgruppa og kvifor?

Kurset er for deg som arbeider på ein skjenkestad med løyve til å skjenke alkohol. Det er eit tilbod til alle skjenkestadane i regionen vår, og målet er å få bransjen til å ta eit felles løft for å førebygge og redusere rusrelatert vald. Gjennom informasjon og opplæring av tilsette i restaurantbransjen vil vi gjere kommunane våre endå tryggare og trivelegare å ferdast i.

 

For skjenkestadane som har fast skjenkeløyve er det sett som vilkår at minimum styrar og stedfortredar for skjenkeløyve skal delta på første moglege kurs. Dette er nedfelt i planen «Alkoholpolitisk handlingsplan for Volda kommune 2016-2020», punkt 4.3.

Her kan du lese planen «Alkoholpolitisk handlingsplan for Volda kommune 2016-2020 (PDF, 312 kB)».

Tid og stad

Kurset finn stad på Quality Hotel Ulstein måndag 18. februar 2019 kl. 16:00-21:30.

Det er atterhald om nok påmelde for at kurset vert halde.


Kva kostar det?

Prisen er kr. 200,- inkludert enkel bevertning.


Korleis melde meg på?

Her finn du søknadsskjemaet for påmelding.

Ein kan også sende e-post til: hanne.morseth@vanylven.kommune.no 

Bindande påmelding innan 7. februar 2019. 

Her er informasjon og program for kurset. (PDF, 86 kB)