Kva er viktig for deg?

Klikk for stort bileteTorsdag 6. juni vert Kva er viktig for deg?-dagen markert i Kaffistova på Volda omsorgssenter.

Målet med denne dagen er å oppmuntre til fleire gode samtalar mellom dei som gir helse- og omsorgstenester og dei som mottek desse tenestene.

Derfor vert det stilt det enkle, men viktige, spørsmålet; kva er viktig for deg?

Torsdag 6. juni vert Kva er viktig for deg?-dagen markert over heile landet, der helsearbeidarar vil bere fargerike knappar som ei påminning om å starte gode samtalar mellom tenesteytar og mottakar.

I Volda vert denne dagen markering med underhaldning og stands i Kaffistova på Volda omsorgssenter torsdag 6. juni frå klokka 11.30 til klokka 13.30.

Her blir det servert gratis vafler og gitt informasjon om det Gode Pasientforløp og Kvardagsrehabiltering.

Her kan du lære meir om Kva er viktig for deg?-dagen (PDF, 741 kB)