Kven skal få frivilligprisen 2019? Forslagsfrist 1. desember

Klikk for stort bileteStein Osvoll og Edvin Mårstøyl fekk Frivilligprisen for 2018. Prisen vart delt ut av ordførar Jørgen Amdam og då varaordførar Sølvi Dimmen.Har du forslag til kandidatar på frivilligprisen 2019?
Den siste frivilligprisen som vert delt ut i gamle Volda kommune. Fristen for å nominere kandidatar er 1. desember, og prisen vert delt ut på kommunestyret 19. desember.

Som tidlegare ber me om at forslaga vert sendt på epost til postmottak@volda.kommune.no pr post til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda eller levert i skranken på rådhuset.

Denne prisen kan både vere retta mot enkeltpersonar eller private organisasjonar som har gjort ein god innsats innan frivillig verksemd for innbyggjarar i Volda kommune.

Prisen vart etablert med eit ønskje om å gi positiv merksemd tilbake til frivillige organisasjonar gjennom deira gode arbeid.

Kva ser ein etter?

Komiteen som skal dele ut frivilligprisen vil vurdere aktuelle kandidatar etter følgjande kriterium/retningslinjer:

  • Prisen skal gjevast til ein initiativrik person, lokal forening/gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet.
  • Prisen skal synleggjere frivilligheita sin eigenverdi og samfunnsverdi ved å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats.
  • Frivilligheita si breidde og mangfald både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur skal over tid gjenspeilast i eit tilsvarende mangfald blant prisen sine vinnarar.
  • Prisen kan gjevast på grunnlag av ein persons/lokal forening/gruppe sin frivillige innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.

Korleis blir ein nominert?

Alle kan fremme forslag på kandidat til prisen. Jurymedlemmer kan kome med eigne forslag til kandidatar, og kan derfor tildele prisen til ein kandidat som det ikkje er kome inn eksterne forslag på.

Tidlegare vinnarar:

  • 2018: Edvin Mårstøl for sin store innsats for Indre Dalsfjord og Stein Osvoll for sitt store bidrag til at brukarar av dagsenter og andre i helse og omsorg kjem seg ut på turar.
  • 2017: Øyvind Flåskjær, Kristian Woldseth og Ole-Martin Iversen for særskilt innsats for at vi alle kan nyte gode forhold og skiløyper i Volda
  • 2016: Petra Humberset for sitt langvarige arbeid i Frelsesarmeen i Volda
  • 2015: Øystein Bakke for mellom anna dømming i VTI, parkeringsvakt på Volda skisenter, tursjef ved Birkebeinaren, og fast faneberar for Volda hornmusikk på 17. mai.