Landbrukskontoret om koronasituasjonen

Informasjon frå Landbrukskontoret i desse koronatider.

Meld deg som husdyravløysar

Klikk for stort bilete Jostein Egset  

Meld deg som husdyravløysar!


Landbrukstenestene i Møre og Romsdal samarbeider med kommunane i sitt ansvarsområde om å byggje opp ein reservestyrke for husdyravløysing dersom behovet for ekstramannskap oppstår i samband med Korona-pandemien.

Ordninga fungerer slik:


Dersom du har relevant bakgrunn/praksis innafor landbruk med husdyr, oppmodar vi deg om å melde frå til dine lokale landbrukstenester om at du er tilgjengeleg for oppdrag som avløysar for sjuke bønder. Vi oppmodar om at du ringer eller sender e-post/SMS til:

Landbruk Nordvest
Fannestrandvegen 63
6415 Molde

Tlf 464 24 440
E-post: nordvest@nlr.no 

Personar med fagleg bakgrunn frå landbruksskule, personar med tidlegare erfaring som avløysar eller som bonde, elevar og andre som er permitterte frå vidaregåande skular/høgskular eller frå ordinær jobb og som har relevant bakgrunn er sjølvsagt svært aktuelle. Ta kontakt så vert det gitt nærare informasjon om vilkåra for å ta på seg ein slik jobb.

Matproduksjon er ei samfunnskritisk funksjon. Ved  å ta på seg avløysing er du med på å sikre at vi alle kjem ut av Korona-situasjonen på best mogleg vis.
 

Aktive gardbrukarar

 

Når ein gardbrukar vert sjukmeld, kan det søkjast om refusjon av avløysarutgifter i ettertid, med elektronisk søknad. Reglar og informasjon om denne ordninga står på Landbruksdirektoratet sine nettsider, sjå lenke nedanfor. Her kjem det oppdatert informasjon pga. koronasmitta. Landbrukskontoret er sakshandsamar for ordninga, og kan kontaktast for meir informasjon.

https://www.landbruksdirektoratet.no/no/produksjon-og-marked/velferdsordninger/avlosning-ved-sykdom

Viss gardbrukaren ikkje har avløysar sjølv (eigen avløysar), er det mogleg å få leige lokal landbruksvikar. Det står meir om landbruksvikarordninga på lenka under:

https://www.landbruksdirektoratet.no/no/produksjon-og-marked/velferdsordninger/landbruksvikar#koronasmitte
Under «koronasmitte» står dette:
Avløysarlag/Landbrukstenester som får tilskot til landbruksvikarverksemd har plikt til å gi bønder tilbod om kvalifisert avløysing i inntil 14 dagar per sjukdoms- eller krisetilfelle. Denne plikta gjeld framleis, men det kan sjølvsagt oppstå utfordringar dersom landbruksvikaren skulle bli sjuk eller sett i karantene. Hvis det skulle bli vanskeleg å hjelpe alle som treng det, må avløysarlaga prioritere slik at dei som har størst behov får hjelp fyrst.

I vårt område er det Landbruk Nordvest som har landbruksvikarar. Desse kan leigast sjølv om du ikkje er medlem i avløysarlaget. Kontaktinformasjon er:
Landbruk Nordvest
Fannestrandvegen 63
6415 Molde
Tel. 46424400
E-post: nordvest@nlr.no