Lansering av ny ordning - Fritidskonto

Bilete av små barn som spelar fotball - Klikk for stort bilete Pexels.com

Invitasjon til temasamling og kurs, 23. november, for alle som driv fritidsaktivitet for barn og unge i Volda. Temaet er "Inkludering av barn og unge i fritidsaktivitet".

Onsdag 23. november inviterer Volda kommune til temasamling "Inkludering av barn og unge i fritidsaktivitet". På samlinga vert det vidare kurs i korleis ein nyttar den digitale plattforma Friskus mellom anna til å synleggjere og marknadsføre aktiviteten, og gi familiar med ein sårbar økonomi høve til å betale medlemskontingent og anna gjennom den nye ordninga "Fritidskonto".

 

Volda kommune lanserer 1. desember ei ny ordning som vil hjelpe barn og unge til å kunne delta i fritidsaktivitetar uavhengig av familieinntekt. Den nye ordninga heiter Fritidskonto, og er ei digital ordning der vi nyttar volda.friskus.com som plattform. 

Fritidskonto vert tilbode aldersgruppa 6-18 år (frå barnet tek til i 1. klasse og ut året ein fyller 18), og skal dekke kostnadar til faste organiserte fritidsaktivitetar på same måte som med det no avslutta Fritidskortet, men kan også nyttast til å betale for andre kostnadar knytt til aktiviteten, som t.d. deltaking på cupar og samlingar (betale faktura). 

Denne ordninga er ikkje universell slik som Fritidskortet var, men skal målrettast for dei med størst behov. Ordninga skal vere ubyråkratisk, ikkje-stigmatiserande og tillitsbasert. Prosjektgruppa for Fritidskonto har bestemt at det skal vere lav terskel for å nytte seg av denne ordninga – nettopp for å nå målgruppa, og vi er avhengige av eit godt samarbeid med dykk for å greie det. 

Vi inviterer til samling og digitalt kurs onsdag 23. November kl 17.30-20.00 på VCA 

  • Frå 18.30-19.30: Korleis kan vi samarbeide om å inkludere flest mogeleg barn og unge v. Kristine Sofie Orheim Hansen og Mona Helen Kile
  • 19.30-20.00: Kurs for aktivitetstilbydarar v. Henriette Gran Rugland i Friskus. De får oppdatering og vert kjende med nye løysingar på Friskus-plattforma, samstundes som de oppdaterer eigen registrerte informasjon på volda.friskus.com.  Nye aktivitetstilbydarar må ha oppretta arrangørside på volda.friskus.com på førehand.   

 

Rettleiing vil elles bli gitt av prosjektgruppa for Fritidskonto, som består av: 

Mona Helen Kile, telefon: 95 73 35 47  

Marthe Longva Strandbakken, telefon:  99 55 49 66  

Astrid Gjersdal, prosjektleiar, telefon: 91 72 56 39