Ledig stilling – assisterande rektor Øyra skule

Ledig stilling – assisterande rektor Øyra skule

Bilete av inngangspartiet til Øyra skule som er ein fargerik og moderne barneskule. - Klikk for stort bilete Volda kommune

Ved Øyra skule er det frå 01.08.2023 ledig 100 % stilling som assisterande rektor. Det er søknadsfrist 29.05.23.

Øyra er ein 1.– 7.-skule, og komande skuleår har skulen om lag 350 elevar og kring 65 tilsette. Ressursen for leiing er fordelt på rektor og assisterande rektor. I tillegg har skulen andre administrative ressursar mellom anna merkantil stilling. Øyra skule er ein praksis- og lærarutdannar skule (LU-skule) med eit sterkt og tradisjonsrikt samarbeid med Høgskulen i Volda.

Volda kommune har sju grunnskular. Rektorar og assisterande rektorar er med i leiaropplæring og har eit leiarforum med møte kvar månad. Volda samarbeider og i høve leiaropplæring med andre kommunar på Søre-Sunnmøre gjennom Sjustjernasamarbeidet.

Saman med barnevern, helsestasjon, barnehage, vaksenopplæring og kulturskule, er grunnskuledrifta ein del av sektor oppvekst i Volda kommune.

Søk på stillinga (webcruiter)

Arbeidsoppgåver

Visjonen til sektor oppvekst er at "Volda kommune har trygge born, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer".  Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren. For å kunne strekke oss mot visjonen treng vi trygge, tilgjengelege og kompetente tilsette som er til støtte for barn og ungdom i utviklingsprosessen. Dei tilsette må ha rett kompetanse, vere stabile, tydelege og venlege. Dei må kunne bidra til eit anerkjennande miljø som gir grobotn for vekst og utvikling for elevane. I alt vårt arbeid mellom barn og unge skal vi arbeide førebyggande for å fremje godt psykososialt miljø, ha ein helsefremjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale skilnader. Alle barn, unge og vaksne skal oppleve tryggleik og sosialt tilhøyr. Alle våre born og unge skal ha like mogelegheiter til å utvikle evnene sine.

Sektor for opplæring og oppvekst er ein lærande organisasjon der erfaringsdeling og kunnskaps- og ferdigheitsutvikling har fokus. I alle einingane arbeider vi med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar elevane ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hjå våre tilsette. I Voldaskulen er vi inne i ulike satsingar, som og vert vidareført. Mellom satsingsområda er lesing og eit trygt og godt læringsmiljø. Elevane på 1.-7. trinn i kommunen har eigen iPad til bruk i læringsarbeidet. Å ha kompetanse og erfaring i å drive utviklingsarbeid i ein lærande organisasjon er ein fordel. Vi søker etter ein person som kan vere med å leie skulen mot våre mål. 

Assisterande rektor er rektor sin stedfortredar. Assisterande rektor skal i sitt arbeid samarbeide og samhandle med rektor for å sikre at skulen vert drive etter gjeldande lov -og avtaleverk og kommunale vedtak for verksemda. Ein skal vidare assistere rektor i å gjere vedtak i saker som etter lov- og delegeringsfullmakter er lagt til rektor.

Øyra skule er ein stor organisasjon med mange tilsette. Difor vil ein jobbe med organisasjonsutvikling i tida framover, særleg i høve personalansvar, men også på andre område. Assisterande rektor har eige personalansvar og må vere budd på å bidra i naudsynte prosessar kring dette arbeidet tilsvarande andre utviklingsprosessar i ein organisasjon. 

Assisterande rektor skal ta i vare funksjonar knytt til personalleing og fagleg -og administrativ leiing ved skulen. Funksjonane kan ein i korte trekk omtale slik:

  • medansvar for pedagogisk planlegging og utviklingsarbeid
  • medansvar for samarbeid skule - heim
  • medansvar for samarbeid med andre instansar
  • medansvar for budsjett - og økonomiarbeid, og arbeid med internkontroll
  • medansvar for å rettleie og følgje opp dei tilsette
  •  medansvar for å organisere den daglege drifta

Rektor har ansvar for å fastsette arbeidsfordelinga mellom seg og assisterande rektor. 

 

Kvalifikasjonar

  • godkjent pedagogisk utdanning, formell undervisningskompetanse og praksis frå grunnskulen
  • god kjennskap til relevante lov- og avtaleverk
  • gjennomført skuleleiarutdanning, eller forplikte seg på å gjennomføre dette
  • god digital kompetanse

Personlege eigenskapar

  • god relasjonskompetanse
  • strukturert og evne å gjere gode prioriteringar
  • fleksibel
  • sjølvstendig og evne til å kunne ta initiativ
  • gode samarbeidsevne
  • utviklingsorientert
  • eit positivt elevsyn

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Aktuelle søkararar vert kalla inn til intervju. Referansar kan bli kontakta etter intervju.