Ledig stilling - Elektroansvarleg

Dronebilete av Volda sentrum - Klikk for stort bilete Erlend Sporstøl Vikestrand Vi har ledig stilling som elektroansvarleg med fagleg ansvar for drift og vedlikehald av Volda kommune sine eigne lavspenningsanlegg, og enkle mindre høgspenningsanlegg. 

Volda Kommune har etterkvart mange moderne og driftsmessig spennande bygg, og fleire spenstige byggprosjekt står føre. I samband med dette søker vi etter elektroansvarleg som har det faglege ansvaret for drift og vedlikehald av Volda kommune sine eigne lavspenningsanlegg, og enkle mindre høgspenningsanlegg. 
Relevant bakgrunn kan vere prosjektansvarleg innanfor elektrofaget knytt til bustad/næring/offentleg/stat. Elektrikar med erfaring frå prosjektarbeid kan og vere aktuelt.

Vi oppmodar særleg kvinner til å søke på denne stillinga.

Arbeidsoppgåver

Elektroansvarleg skal stå som fagleg ansvarleg for arbeidsgjevar sine eigne elektriske anlegg.             

Ein har den daglege kontakta med Volda kommune sine samarbeidspartnarar og firma som Volda kommune har rammeavtalar med i tilknyting til tekniske anlegg. Ein samarbeider både med kollegaer i eigen sektor og tilsette ellers i Volda kommune. Elektroansvarleg har ei viktig rolle i eigedomsavdelinga sitt teknisk team. Dette teamet har ansvar for drift og utvikling av tekniske anlegg i Volda kommune, samt gjennomføring av investeringsprosjekt  som til dømes utskifting til LED i kommunale bygg og oppgradering av brannvarslingssystem. Drift og tilsyn med brannvarslingsanlegg på kommunale bygg ligg til stillinga, så erfaring frå dette feltet er ein fordel.

Søknadsfristen er 29.08.22.

Her kan du lese meir om stillinga og søke