Ledig stilling - institusjonskokk

Bilete av disken til kafeen på Volda omsorgssenter. - Klikk for stort bileteSentralkjøkenet ved Volda omsorgssenter, også kalla Kaffistova. Ingunn Gjengedal Seksjon kjøkkendrift har ledig 75 % fast stilling som kokk med fagbrev.

Stillinga har turnusarbeid kvar 3  helg. Seksjonen har to avdelingar i kommunen, Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter. Stillinga er for tida plassert i Hornindal. Ein må pårekne å jobbe både på kjøkkenet i Hornindal og i Volda.  Kjøkkena tilsaman produserer mat etter kok-server metoden og lagar middag til omlag 250 personar dagleg. I tillegg utfører kjøkkenet også ulike catering oppdrag. 

Arbeidsplassen tilbyr god opplæring og støtte, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. I seksjonen må ein kunne jobbe sjølvstendig, samstundes som ein kjem tett inn på engasjerte medarbeidarar. Arbeidet er svært variert og vi har stort fokus på godt arbeidsmiljø.

Søknadsfristen er 29.06.22.

 

Her kan du lese eir om stillinga og søke.