Ledig stilling - seksjonsleiar ambulerande heimetenester

Klikk for stort bileteVolda kommune har ledig stilling som seksjonsleiar ambulerande heimetenester.

Ambulerande heimetenester  er i Volda kommune delt inn i tre grupper, med kvar sin seksjonsleiar. Ambulerande heimetenester gruppe 3 er den minste seksjonen, med om lag 10,5 årsverk. Seksjonen har base ved Hornindal omsorgssenter og yter praktisk bistand og helsetenester i heimen i distriktet som omfatter Hornindal, Bjørke, Viddal, Osdal og Kalvatn.

Vår gode seksjonsleiar skal gå av med pensjon i haust, og vi treng difor ein ny sjukepleiar inn i denne stillinga. Seksjonsleiarstillinga har dagarbeidstid der ein kombinerer direkte tenesteyting med leiing og administrative oppgåver. Tre dagar i veka går ein inn som ein del av grunnbemanninga i tenesta. På denne arbeidsplassen får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar ilag med engasjerte og kompetente medarbeidarar. Vi tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet.

Arbeidsdagane er varierte,  og vi har ein arbeidsplass med takhøgde og godt arbeidsmiljø. Vi fokuserer på aktivitet, trivsel, rehabilitering, habilitering og har trua på tverrfagleg samarbeid. Vi er ei engasjert personalgruppe som brenn for brukarane våre og jobbar for å oppretthalde eit godt og  mangfaldig fagmiljø.

Les meir og søk på stillinga her.

Kontakt

Astrid Dimmen
avdelingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 957 70 524