Ledig stilling - seksjonsleiar førebygging og rehabilitering Volda kommune Volda kommune har ledig 100 prosent fast stilling som seksjonsleiar for førebygging og rehabilitering. Seksjonen er organisert under avdeling helse og forvaltning i helse og omsorgssektoren, og har per i dag 6 fysioterapeutar, 3 ergoterapeutar, 6 avtalefysioterapeutar, frisklivssentral og kvardagsrehabilitering. Arbeidsoppgåver Ansvar for den daglege drifta i seksjonen Personalansvar Medansvar for budsjett og økonomi Fagleg leiing av eit breit fagområde Ta del i arbeidsoppgåver som utførast i seksjonen Kvalifikasjonar Høgare utdanning innan helse- og omsorgsfag, fortrinnsvis fysioterapeut eller ergoterapeut Erfaring som leiar med personalansvar. Det er ein fordel med leiarutdanning Erfaring med endringsarbeid og tverrfagleg samarbeid Det er ein fordel med erfaring fra kommunal helseteneste, og at ein har god oversikt over krava stilt til kommunale helse- og omsorgstenester generelt og seksjonen sine fagområde spesielt Evne til systematisk og målretta arbeid med god framdrift Søknadsfristen er 21.08.22 Her kan du lese meir om stillinga og søke. Publisert 19.07.2022 14:28 Sist endra 19.07.2022 14:29