Ledig stilling - Seksjonsleiar kjøkkendrift

Dronebilete av Volda sentrum mot fjorden og Lauvstad - Klikk for stort bilete Erlend Sporstøl Vikestrand Volda kommune har ledig 100 prosent fast stilling som seksjonsleiar kjøkkendrift.

Vi søkjer etter deg som er initiativrik og som vil leie medarbeidarar, skape entusiasme og engasjement ved å produsere mat som kan gi kvardagsglede og høgtidsstemning hos brukarane.

Seksjonen har to avdelingar i kommunen, Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter. Kjøkkenet produserer mat etter kok-server metoden og lagar middag til omlag 250 personar dagleg. I tillegg utfører kjøkkenet også ulike catering oppdrag. 

Seksjonen er organisert under avdeling helse og forvaltning i helse og omsorgssektoren, og har per i dag omlag 7 årsverk, fordelt på kokk og kjøkkenassistent.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for den daglege drifta i seksjonen
  • Personalansvar 
  • Medansvar for budsjett og økonomi i seksjonen
  • Ta del i arbeidsoppgåver som utførast i seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk/ernæringskokk/institusjonskokk          
  • Det er ein fordel med leiarerfaring. Leiarutdanning blir vektlagt.                                              
  • God kjennskap til produksjonskjøkken/kjøkkendrift ved institusjon
  • God kunnskap om diett og ernæring
  • Kompetanse innan økonomi- og ressursstyring
  • Gode IKT- kunnskapar
  • Kjennskap til IK mat
  • Førarkort klasse B

Søknadsfristen er 14.08.22

Her kan du lese meir om stillinga og søke.

Kontakt

Ingunn Gjengedal
assisterande kommunalsjef
E-post
Mobil 924 36 245