Ledig stilling - sjukepleiar 65 % vikariat i heimetenestene

Klikk for stort bilete

Volda kommune har ledig stilling som sjukepleiar 65% vikariat i heimetenestene.

Vi treng ein dyktig sjukepleiar til på laget! Vi har eit vikariat på 65 % med base i Hornindal. Stillinga har todelt turnus med arbeid på dag/kveld/helg, og er ledig i perioda 01.09.21 - 30.04.22.

Ambulerande heimetenester gruppe 3 har høg kompetanse og yter tenester til heimebuande i distriktet Hornindal, Kalvatn, Osdal, Bjørke og omegn. Her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar ilag med engasjerte medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. Arbeidsdagane er varierte,  og vi har ein arbeidsplass med takhøgde og eit godt arbeidsmiljø.

Her kan du lese meir om stillinga og søke.