Ledig stilling - sjukepleiar ved omsorgsbustadar for eldre

Klikk for stort bilete

Volda kommune har ledig stilling som sjukepleiar ved omsorgsbustadar for eldre.

Fjordsyn omsorgsbustadar for eldre er ein av seks seksjonar i avdeling heimetenester. Her bur 30 personar fordelt på tre bugrupper som er organiserte med felles kjøken og stove, i tillegg til at kvar bebuar har si eiga vesle leiligheit.  Ved Fjordsyn omsorgsbustadar vert det frå 01.09.21 ledig ei 83 % fast stilling for autorisert sjukepleiar. Dersom det er ynskjeleg med høgare stillingsprosent kan ein legge til rette for utviding opp til 100 % fast stilling. Stillinga har for tida todelt turnus med arbeid på dag, kveld og helg. 

Her kan du lese meir og søke på stillinga.

Kontakt

Lill Kristin Vassbotn
seksjonsleiar Fjordsyn omsorgsbustadar
E-post
Telefon 70 05 40 33
Astrid Dimmen
avdelingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 957 70 524