Ledig stilling som driftsleiar veg og park

Klikk for stort bileteVil du vere med på å gjere Volda til ein stad med eit triveleg og godt utemiljø?

Volda kommune har ledig 100% fast stilling som driftsleiar veg og park. 

Avdeling for veg og park har ansvar for kommunale vegar med tilhøyrande infrastruktur og grøntareal. Avdelinga har kontor og lager på base Myrtun. Vi har som overordna mål å sørge for å yte gode tenester med høg kvalitet til innbyggjarane. Vi har mange spanande prosjekt/oppgåver som skal gjennomførast. Som driftsleiar i avdeling veg og park kan du få vere med på å gjere Volda til ein stad med eit triveleg og godt utemiljø.  

Arbeidsoppgåver

Du er leier for seksjon veg og park med personalansvar for f.t. 12 fagarbeidarar. Du får ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, veglys, infrastruktur, grøntareal og  kaier. 

Kvalifikasjonar

Erfaring frå anleggsbransjen eller liknande arbeid er ein fordel. Du bør vere løysingsorientert og gjerne ha erfaring som leiar.

  • Relevant utdanning og/eller fagbrev.
  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Andre sertifiseringar vil telje positivt og vert vektlagde.

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, har stor arbeidskapasitet og likar å bidra til fellesskapet
  • Har gode samarbeidsevner og går godt overeins med andre
  • Er sjølvstendig i arbeidet
  • Datakompetanse og erfaring med sakshandsaming er ein fordel

Vi tilbyr

Eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar. Moderne og oppdatert maskinpark. Løns- og arbeidsvilkår som er fastsett i lov og avtaleverk. God offentleg pensjonsordning i KLP. 
Stillinga er underlagt avdelingsleiar og avdelinga har 15 tilsette. 

Søknadsfrist er 16.08.20. Søk stillinga her.

Klikk for stort bilete