Ledig stilling som kommuneoverlege - 2. gongs utlysing

Bilde av stetoskp , penn og skjema - Klikk for stort bilete Darko Stojanovic, Pixabay.com

Volda kommune har ledig stilling som kommuneoverlege.

Kommuneoverlegen er kommunen sin medisinskfaglege rådgjevar. Du får ansvar for samfunnsmedisinske oppgåver på eit administrativt nivå og fagansvar for legetenesta i kommunen.

Organisatorisk er stillinga plassert i sektor Helse og omsorg. Kommunalsjef i Helse og omsorg vil vere næraste overordna.

I pandemisituasjonen vi står i, er kommune open for å diskutere alternativ organisering og ressursbruk. Vi ynskjer dialog med deg. Kommune vil strekke seg langt for å tilrettelegge og tilpasse stilling(ar) for å sikre rekruttering til dette viktige oppdraget. 

Arbeidsoppgåver

  • Medisinskfagleg rådgjeving overfor den kommunale organisasjon
  • Fagleg ansvar for miljøretta helsevern, smittevern og helseberedskap
  • Myndigheitsoppgåver etter Lov om psykisk helsevern
  • Ivaretaking av andre oppgåver som i lovgjevinga er særskilt tillagt kommuneoverlegen
  • Samfunnsmedisinsk rådgjeving i kommunen sitt folkehelsearbeid og i kommunen sin  plan- og samfunnsutvikling
  • Delansvar i planarbeidet retta mot kommunale helsetenester
  • Bidra i samhandlinga med spesialisthelsetenesta og andre kommunale helsetenester
  • Fagansvar, økonomisk og administrativt ansvar for fastlegeordninga og oppfølging av fastlegar i kommunen. Kommuneoverlegen har tre seksjonsleiarar under seg som er delegert personal- og driftsansvar.
  • Overordna ansvar for kommunen sine oppgåver i ny spesialistutdanning
  • Overordna ansvar for interkommunal legevakt, Volda er vertskommune for denne
  • Sakshandsaming av politiske saker på fagfeltet
  • Deltaking i kommunen si kriseleiing

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
  • Relevant erfaring
  • Spesialistutdanning i samfunnsmedisin vert vektlagt
  • Førarkort klasse B
  • God førestellingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg

 

Her kan du søke på stillinga (Webcruiter).

Konatktinformasjon:

  • Inger lise Kaldhol, kommuneoverlege
  • Tlf.: 984 77 079
  • E-post: inger.lise.kaldhol@volda.kommune.no 

Kontakt

Svein Berg-Rusten
kommunalsjef
E-post
Mobil 918 68 329