Ledig stilling som leiar NAV Ørsta - Volda

Klikk for stort bileteVolda kommune, Ørsta kommune og NAV Møre og Romsdal søkjer i fellesskap etter felles leiar til NAV Ørsta/Volda. 

Eininga har 33 kommunalt og statlig tilsette og yter tenester til innbyggjarane i begge kommunene. Eininga er lokalisert i nye og moderne lokale i Ørsta.
Leiaren må kunne representere eininga på ein tydeleg og god måte, og i tillegg vere ein pådrivar for å realisere NAV sitt mål om fleire i arbeid.

Å være leiar i NAV inneber at du må setje arbeids-og velferdspolitikken ut i livet ved å skape resultat gjennom andre. Dette betyr at du må ha god forståing av lover og rammer i statlig forvaltning slik at dine tilsette gjennom di leiing omset politiske føringar til riktige tenester og ytingar for brukarane samtidig som dei ivaretek det statlege arbeidsgjevaransvaret. Du skal som leiar i Arbeids-og velferdsetaten utøve god personalleiing. Arbeids-og velferdsetaten skal drive kunnskapsbasert leiing som ser, involverer, viser tillit og omsorg, delegerer og legg til rette for at medarbeidarane utviklar seg.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg og administrativt ansvar ved eininga
  • Personal,-budsjett- og resultatansvar for oppgåvene som er lagt til NAV Ørsta-Volda
  • Syte for nært samarbeid og gode relasjonar med ulike aktørar som for eksempel helsetenester, næringsliv,
  • skule og lokalsamfunn
  • Kompetanseutvikling i eininga i samarbeid med NAV Møre og Romsdal og fylkesmannen i Møre og
    Romsdal
  • Ivareta oppgåver for Arbeids- og velferdsetaten og kommunene sine oppgåver etter lov om Sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga
  • Arbeids- og velferdsetaten og kommunane kan avtale at andre av kommunen sine tenester skal inngå i eininga
  • Rapportere til fylkesdirektøren i NAV Møre og Romsdal og kommunedirektøren i Ørsta (vertskommunen for NAV tenestene i dei to kommunane)

Søknadsfrist: 29.11.2020. Her kan du lese meir om stillinga og søke.

Kontaktinformasjon

Stein Atle Veland, Direktør NAV Møre og Romsdal, 93033656