Ledig stilling som prosjektleiar bygg

Dronebilete av Volda sentrum mot Rotevatn, Rotsethornet og fjorden - Klikk for stort bilete Erlend Sporstøl Vikestrand  Volda kommune er på jakt etter deg som har erfaring som prosjektleiar av byggeprosjekt og som triggast av utfordringar!

Kommunen ynskjer deg som har erfaring med samspelet i prosjektet sine faser, frå administrativ og politisk samspel til involvering av brukarar og entreprenørar. Prosjektleiar bygg rapporterar til eigedomssjef. 

Arbeidsoppgåver

Som prosjektleiar har du ansvar for utvikling og gjennomføring av kommunale investeringsprosjekt. Du har ansvar for koordinering i planleggingsfasen med involvering av rette brukargruppe og organ. I gjennomføringsfasen har du ansvar for at gjennomføringa skjer i tråd med planar og avgjersler med tanke på framdrift, HMT, økonomi og rapportering. Som  prosjektleiar er du tydeleg og handlekraftig i samspelet med valt entreprenør. 
 

Kvalifikasjonar

  • Du har utdanning som byggingeniør, sivilingeniør eller anna relevant byggteknisk/prosjekt utdanning. Lang erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Minimum 3 år erfaring som prosjektleiar bygg eller anlegg, fortrinnsvis innanfor større byggeprosjekt
  • God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg

Søknadsfristen er 26.08.22

Her kan du lese meir om stillinga og søke