Ledig stilling - Sommarvikar veg og park

Ledig stilling - Sommarvikar veg og park

Kjenner du nokon som vil ha sommarjobb i Volda? Avdeling veg og park lyser no ut ferievikarstillingane for sommaren 2024.

Jente som kjører grasklippar i strålande sommarvêr. - Klikk for stort bilete Volda kommune

Som ferievikar i avdeling veg og park er du med på drift og vedlikehald av grøntområde, parkar og kyrkjegardar.

Søknadsfristen er 24.03.24 

Søk på stillinga her

Arbeidsoppgåver

Vedlikehald av grøntområde, parkar og kyrkjegardar.

Kvalifikasjonar

 Må ha førarkort klasse B, klasse BE er ein fordel.
 Det vil og vere ein fordel om du har røynsle frå liknande arbeid.

Personlege eigenskapar

Ver pliktoppfyllande, arbeidsam, og løysningsorientert. 
Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur.
Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap.
Du må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr

Lønn etter tariff.
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar. Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet.

Her finn du fleire ledige stillingar i Volda kommune