Ledig stilling - Spesialsjukepleiar eller miljøterapeut med vidareutdanning

 Prestegarden med uteplass og bålpanne - Klikk for stort bilete

Volda kommune har ledig to vikariat med moglegheit for fast tilsetting ved rus og psykisk helseteneste.

Rus og psykisk helseteneste er ein del av sektor helse og omsorg, og har kontor ved Volda omsorgssenter. Tenesta er tverrfagleg samansett og har særleg kompetanse innan psykisk helse, rus, avhengigheit og samtidige lidingar. Vi har til saman vel 26 årsverk fordelt på 4 tenesteområde. Vi tilbyr individuell oppfølging i psykisk helseteneste og rustenesta, arbeid og aktivitetstilbod ved lågterskeltilboda Styrk-arbeid og Møteplassen Gnisten, ambulerande døgnteneste for brukarar i 23 omsorgsbustader og heimebuande, samt tenester til bebuarane i Myra bufellesskap

Vi har ledig to vikariat i hhv. 95% og 90% stilling i dei ambulerande tenestene våre med moglegheit for fast stilling. Dei tilsette i ambulerande tenestene går i to delt turnus på dag og kveld, med arbeid kvar tredje helg.

Arbeidsoppgåver

Tenesta har ein fagleg profil vi jobbar ut i frå, der det er stor grad av autonomi og fleksibilitet innanfor dei faglege rammene. Arbeidet består i individuelle samtalar og praktisk bistand med fokus på å meistre kvardagen med bustad, økonomi, aktivitet og nettverk. Buoppfølging og butrening i heimen og etter kvart førebu bebuarane på å flytte vidare til ordinære leilegheiter med mål om å klare mest mogleg av kvardagen sjølv. Utstrakt samarbeid med 1. og 2. linjetenesta og andre einingar internt i kommunen, samt pårørande. 

Kvalifikasjonar

Vi ser etter offentleg godkjend sjukepleiar eller andre med relevant bachelor; sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiarar, fortrinnsvis med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og/eller rusarbeid, samt erfaring frå liknande arbeid. Førarkort klasse B er eit krav og politiattest må leggjast fram. Søkjarar utan vidareutdanning kan også søkje.

 

Her kan du søke på stillinga (Webcruiter).

Kontakt

Elin Høydal Vatne
avdelingsleiar, Rus og psykisk helseteneste
E-post
Mobil 915 55 970