Ledige stillingar - 3 faste helgestillingar, miljøarbeider eller miljøterapeut

Dronebilete av Volda sentrum mot fjorden frå Rotset - Klikk for stort bilete Erlend Sporstøl Vikestrand Rus og psykisk helseteneste har ledig tre faste stillingar på helg.

Ei av dei faste stillingane er på 20% i Myra bufellesskap, med arbeid kvar 4 helg, langvakter laurdag og søndag. I tillegg har vi to faste helgestillingar i dei ambulerande tenestene våre med arbeid kvar 3. helg på 12% og 19%. Her går ein i to-delt turnus med dag og kveldsvakter.

Rus og psykisk helseteneste er ein del av sektor helse og omsorg og har kontor ved omsorgssenteret i Volda. Tenesta er tverrfagleg samansett og har særleg kompetanse innan psykisk helse, rus, avhengigheit og samtidige lidingar. Vi har til saman vel 29 årsverk fordelt på 4 tenesteområde. Vi tilbyr individuell oppfølging i Utetenesta, arbeid og aktivitetstilbod ved lågterskeltilboda i Prestegarden, samt døgntenester til heimebuande og brukarar i omsorgsbustader. 

Arbeidsoppgåver

Tenesta har ein fagleg profil vi jobbar ut i frå, der det er stor grad av autonomi og fleksibilitet innanfor dei faglege rammene. Arbeidet består i individuelle samtalar og praktisk bistand med fokus på å meistre kvardagen med bustad, økonomi, aktivitet og nettverk. Buoppfølging og butrening i heimen og etter kvart førebu bebuarane på å flytte vidare til ordinære leilegheiter med mål om å klare mest mogleg av kvardagen sjølv. Utstrakt samarbeid med 1. og 2.linjetenesta og andre einingar internt i kommunen, samt pårørande. 

Kvalifikasjonar

Vi ser etter helsefagarbeidarar, offentleg godkjende sjukepleiarar eller andre med relevant bachelor; sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiarar. Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid. Førarkort klasse B er eit krav og politiattest må leggjast fram. 

Søknadsfristen er 28.08.22

Her kan du lese meir om stillinga og søke.