Ledige stillingar - Driftsteknikarar i Volda kommune

Bilete som illustrerar arbeid som driftstekninkar - Klikk for stort bilete Alois G. Auinger, Pixabay.com Vi har to ledige stillingar som teknikarar i seksjon forvaltning og drift i avdeling eigedom i Volda kommune.

Vi søker etter 2 driftsteknikarar for drift, vedlikehald og utvikling av bygg eigd av Volda Kommune. Som driftsteknikar med oss får du ein svært allsidig arbeidkvardag med varierte arbeidsoppgåver, både avanserte tekniske utfordringar, og menneskenære oppgåver. Ein arbeider sjølvstendig og i team med andre kollegaer. Ein samarbeider både med kollegaer i eigen avdeling og tilsette elles i samfunnsavdelinga, -og med tilsette i andre avdelingar innan skule, barnehage og helse/omsorg. 

Ein driftsteknikar i Volda Kommune har stor innverknad på sin eigen arbeidskvardag, 

Søknadsfrist: 1. november

Arbeidsoppgåver

Driftsteknikar sine arbeidsoppgåver er hovudsakleg drift og vedlikehald av kommunale bygg. Volda kommune har fleire nye bygg som vil vere fagleg utfordrande og inspirerande å jobbe med, og fleire slike bygg er under planlegging.  Arbeidsoppgåvene er varierte, og ein vert utfordra på fleire fagfelt som bygg, ventilasjon, elektro, vvs og anlegg. 

Kvalifikasjonar

  • Vi søker deg med fagbrev eller dokumentert erfaring innan drift og vedlikehald av bygg, god relevant erfaring kan kompensere for formell kompetanse.
  • Har du relevant utdanning og erfaring innan byggfag, tekniske og mekaniske fag eller VVS/rørlegging er du særleg interessant for oss, men også automasjon eller elektro kan også vere relevante fagområde. Har du utdanning og erfaring innan andre liknande fagfelt, så er du sjølvsagt velkommen til å søke.                                                        
  • Politiattest vert kravd
  • Førarkort kl B
  • Ynskjeleg med førarkort for tilhengar, eventuelt at førerkort for tilhengar vert tatt innan 12 månader etter tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode skriftlige og munnlege ferdigheiter i norsk
  • Løysingsorientert og serviceinnstillt
  • Kunne arbeide i team 
  • Kunne bruke data som arbeidsverktøy 

Her kan du lese meir og søke på stillinga.