Ledige stillingar som pedagogiske leiarar og barnehagelærarar ved avdeling barnehage

Bilete frå Hornindal barnehage - uteleik - Klikk for stort bileteHornindal barnehage

Volda kommune kan frå barnehageåret 2021/2022 ha ledige stillingar i barnehagane som pedagogiske leiarar og barnehagelærarar. Det kan verte ledig både faste stillingar og vikariat.

Tilsetjing vil vere avhengig av eventuelle interne overføringar.

Det kan verte aktuelt med intervju, både gruppeintervju og individuelle intervju. Førebels aktuelle datoar for dette er 11.05 og 12.05. Andre datoar kan og verte aktuelle.

Sektor for oppvekst sin visjon er:

"Volda kommune har trygge barn og unge som deltek, meistrar og lærer"

Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren vår. I barnehagane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hos våre tilsette.

Fleire av barnehagane er praksisbarnehagar, og dei som får tenestestad ved desse må vere budde på å ta på seg rettleiingsoppgåver av studentar.

Her kan du søke på stillingane og lese meir om dei (Webcruiter).

Kontakt

Bodil Brautaset
avdelingsleiar barnehage
E-post
Telefon 70 05 88 73
Mobil 911 94 598