Vatn og avløp står ovanfor store investeringar i åra som kjem. Stillinga som prosjektleiar inngår i eit team av prosjektleiarar på 4 stk.
Som prosjektleiar på vatn og avløp vil du få ansvar for framdrift, økonomi og tekniske løysingar i investeringsprosjekt. Du vil kunne støtte deg på kolleger internt, og vi har ein åpen og god dialog mellom prosjektleiarane og resten av driftsavdelinga.
Vi skal bygge nye vassverk, avløpsanlegg og skifte ut kring 2 kilometer med vatn og avløpsleidningar i året. Du vil få ei viktig og sentral rolle i å gjennomføre og utvikle måten vi arbeida med og i prosjekt.
Arbeidsoppgåver
- Leie vatn- og avløpsprosjekt frå oppstart til økonomisk avslutning
- Ha innbyggarkontakt i dei respektive prosjekta
- Økonomi og prosjektrapportere
- Avholde byggemøter med entreprenørar
- Generelt ansvar som byggherre i prosjekt
Du må vidare være villeg til å ta både prosjektleiar- og ADK-1 kurs gjennom jobben.
Søknadsfristen for prosjektleiar vatn og avløp, engasjementstilling er 26.08.22
Her kan du lese meir om stillinga og søke
Søknadsfristen for prosjektleiar vatn og avløp, fast stilling er 28.08.22
Her kan du lese meir om stillinga og søke