Ledige stillingar som sjukepleiar/vernepleiar på seksjon Selje/Hasletunet

Bilete frå treningsrommet på Volda omsorgssenter - Klikk for stort bileteVolda kommune har ledig to faste stillingar som sjukepleiar/vernepleiar, for tida i 2. etasje på Volda omsorgssenter, seksjon Selje/Hasletunet.

(Biletet over er tatt i annan samanheng og blir her brukt som illustrasjon.)

Dette er ein seksjon for personar med demens. Det er 19 bebuerar på avdelinga fordelt på 2 bugrupper. På Selje/Hasletunet er miljøarbeid og det å sjå kvar enkelt bebuar i fokus. Personalet arbeider med ein tanke om at augeblikket sine gleder er viktige. Stillinga har todelt turnus med arbeid kvar 3 helg.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar
  • Delta i heilskapleg pleie og oppfølging av bebuerane 
  • Dokumenter i Gerica, journal- og fagsystem
  • Ansvar for at bebuerane får naudsynt medisinsk undersøking og behandling i samarbeid med tilsynslege 
  • Hovedansvar for legemiddelhåndtering ved bugruppa
  • Være primærkontakt for bebuar og pårørande 
  • Rettleiing og undervisningsansvar
  • Bidra aktivt til eit helsefremmende miljø
  • Bidra til å kvalitetssikre tenestene

 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar. Oppgi HPR -nr i søknaden.
  • Du må ha arbeids- og opphaldsløyve
  • Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (helst Norsktest nivå B2). Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skriftleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål. 
  • Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, før oppstart i stillinga
  • Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA. 
  • Ønskeleg med kjennskap til journalsystemet Gerica 

Her kan du søke på stillinga (Webcruiter).

Kontakt

Ann-Sølvi Heltne
avdelingsleiar
E-post
Mobil 911 44 863