Ledige stillingar ved avdeling skule

Bilet frå klasserom - Klikk for stort bilete Joakim Rødven Volda kommune har for skuleåret 21/22 fleire ledige vikarstillingar, både heil -og deltid. Det er behov ved fleire skular, som skissert under.

Søkarane i denne runden vil vere aktuell for behov som også måtte kome til fram mot skulestart.

Arbeidsoppgåver

Førebu, gjennomføre og etterarbeide undervisning. Anna tid med elevane, som til dømes elevsamtalar og tilsyn i friminutt. Legge til rette for/leie eit godt og trygt læringsmiljø, i nært samarbeid med elevar, føresette og kollegaer. Samarbeid med naturlege faginstansar, til dømes helsestasjon, PPT, BUP og barnevern. Deltaking i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid. Alle lærarar i grunnskulen i Volda må vere budde på å ta kontaktlæraransvar.

Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning, ved høgskule eller universitet. Dette inneber godkjent pedagogisk utdanning, samt minst 180 stp i relevante undervisningsfag. Volda kommune etterspør særleg lærarar som oppfyller kompetansekrava om 60 stp/30 stp i faga norsk, matematikk og engelsk (høvesvis ungdomssteget og barnesteget). Vi ser det som ein fordel at lærarane har breiast mogleg fagkompetanse, då kompetansekrava for lærarar i ungdomssteget er at ein også har 30 stp i dei andre faga ein skal undervise i. 

For dei konkrete stillingane vi no veit er ledige, søkjer vi særleg etter følgande fagkompetanse:

Øyra skule: Engelsk, Matematikk, musikk, SPU (skulen har om lag 200% ledig for komande skuleår)

Volda ungdomsskule: Engelsk, musikk, spansk, SPU. Det er og ønskjeleg med lærarar som har erfaring med arbeid med elevar som har fråvær som uroar (skulen har om lag 200% ledig for komande skuleår)

Mork skule: Norsk, Mat og helse (skulen har om lag 75% ledig for komande skuleår)

Folkestad skule: Engelsk, norsk, Kunst og handverk, Mat og Helse, tysk (skulen har om lag 65% ledig for komande skuleår)

Volda Læringssenter: Norsk, gjerne fordjuping i norsk som andrespråk (skulen har om lag 80% ledig for komande skuleår)

Hornindal skule: SPU (skulen har om lag 40% ledig for komande skuleår)

Vi søkjer etter lærarar som har gode kunnskapar i faga dei skal undervise i, er autoritative vaksne som er gode klasseleiarar og har evne til å bygge gode relasjonar med elevane.

Her kan du søke på stillinga (Webcruiter).

Kontakt

Håvard Strand
rektor
E-post
Telefon 70 05 88 74