Leverandør av ny ungdomsskule er valt og vi er eit steg vidare

Siri Birkeland Solheim, prosjektleiar eigedom og Sølvi Dimmen, ordførar viser fram Trekronen som er løysingsforslaget som er valt - Klikk for stort bileteSiri Birkeland Solheim, prosjektleiar eigedom, og Sølvi Dimmen, ordførar, viser fram løysingsforslaget "Trekronen" som no er valt ut.

I dag kan vi med glede seie at vi har kome eit steg vidare i prosessen med ny ungdomsskule i Volda sentrum. Løysinga ein ønskjer å gå vidare med, er no valgt. Det vart "Trekronen" som er levert av Åsen og Øvrelid AS.

Det vart prekvalifisert 5 tilbydarar som leverte løysingsforslag. Desse er utstilt i Spinneriet og vist fram på kommunen si heimeside.

Dei ulike tilboda er evaluert, og kommunen har valt leverandør etter kriteria som er sett i konkurransen. 

«Trekronen» er valt etter ei samla vurdering av pris, løysingsforslag og leverandøren sin kompetanse.

Det vidare arbeidet er no slik:

  • Klagefrist på valget på 10 dagar
  • Kommunen ynskjer så å inngå kontrakt om samspelsfase med leverandør.
  • I samspelsfasa vil kommunen i samråd med brukarane og entreprenør bearbeide prosjektet vidare før endeleg kontrakt om bygging.

Byggestart

Planlagt byggestart for prosjektet er hausten 2021, innflytting til skulestart 2023 og ferdig uteområde hausten 2023.

Utforming av bygg om funksjon

  • Trekroneen er ei rettkanta, nærast kvadratisk bygning i 3 etasjar som innordnar seg fint i området og omliggande bygningsmasse.
  • Bygget vil gi godt dagslys inne i roma. Bygninga gir god fleksibilitet for endring av romstruktur og det er lett å orientere seg i.
  • Elevflyten er godt planlagt og har eit vrimleareal  som vil vere ein fin samlingsplass og som opnar for mange aktiviterar.
  • Bygget har god universell utforming

Utomhus

Det eit bygg med nøkternt formspråk som innordnar seg tomta og området elles. På uteområdet er et planlagt eit godt utval aktivitetar, med leselund, amfi, sti og hinderløype.

Fasaden er i tre og forsterkar konseptet «trekronen" i kombinasjon med alle trea i uteanlegget.

Tilbyderane

Alle dei innkomne forslaga hadde gode kvalitetar og løysingsforslaget som er valgt vil gi ei god løysing for framtida. Vi gratulerer heile Voldasamfunnet med dette viktige steget i prosjekt ungdomsskule.