Markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai

Markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai

Ragnar Ulstein-bysta vart avduka ved Ulstein rådhus i 2016. Ulstein Mannskor har sidan dette markert frigjeringsdagen årleg med seremoni og mannskorsong.

Bysta av Ragnar Ulstein, bilde av Ulstein kyrkje i bakgrunnen. Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust

Frå 8. mai i år vert arrangementet felles med veteranforbundet for alle kommunane på Søre Sunnmøre.

Tid: 8. mai klokka 17.00–18.00
Stad: Ulstein rådhus

Ragnar Ulstein var krigsveteran, forfattar og krigshistorikar. Han intervjua mange tidsvitne, også dei som kom heim som veteranar. Ragnar Ulstein har dokumentert korleis 2. verdskrig råka folk også frå vår del av landet. Utan Ragnar Ulstein sitt grundige krigshistoriske arbeid kunne viktig historie frå vår nære fortid ha gått tapt.

Ei viktig målsetting med arrangementet har vore å engasjere ungdommen i denne fredsmarkeringa. Russepresidenten ved Ulstein vidaregåande skule har halde appell for dagen og i år er det Jakoba Solvang som står for denne. Vonar difor å engasjere folk i alle aldrar til å ta ta del i markeringa

Kommunane på Søre Sunnmøre samarbeider no om å få utarbeidd ein felles handlingsplan for veteranar, og eit slikt fellesarrangement vert vurdert som viktig.

Dei eldste attlevande veteranane hadde teneste i Tysklandsbrigaden og på Gaza-stripa.

Veteranar og pårørande frå søre Sunnmøre vert innbedne spesielt. Arrangementet varer frå klokka 17.00–18.00, og er eit fellesarrangement for alle dei sju kommunane på søre Sunnmøre. Kommunane, NVIO (Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner), avdeling Sunnmøre, og NROF (Norsk Reservistforbund) avdeling Søre Sunnmøre, støttar arrangementet.

Mot slutten av arrangementet vil områdesjef i HV, Hans Ole Låbakk, halde tale og dele ut medalje til mannskap som har tenestegjort i Tysklandsbrigaden. I høve arrangementet vil militær æresvakt vere oppstilt nær monumentet.

 

Otto Johan Botnen
leiar Ulstein Mannskor