Markering av godt vegsamarbeid mellom Volda og Eid kommune

Malvin Kile og Hans Petter Vereide markerte vegopning av vegen over Brekka i samband med opninga etter vinteren 2019. 

Klikk for stort bileteMalvin Kile og Hans Petter Vereide Dag Petter Leite

Vegen over Brekka er kommunal og vert vedlikehalden av Eid og Volda kommunar på kvar si side av kommunegrensa. Ved arbeid der det er behov for stenging har Malvin Kile vore kontaktperson for Volda kommune.

No ser Malvin Kile imidlertid fram til å bli pensjonist i løpet av sommaren.

For å markere det gode samarbeidet overrekte Hans Petter Vereide ein blomster frå kollegaer på andre sida av kommunegrensa. Kollegaer i Eid kommune takkar for godt samarbeid.

Då dette var siste gong i samarbeid med noverande Volda kommune, fekk Hans Petter overrekt pin med kommunevåpenet til Volda kommune

Klikk for stort bileteMalvin Kile og Hans Petter Vereide