Minner om frist for å kome med innspel til planarbeid

Planprogram til høyring okt 2018 - Klikk for stort bilete

Volda kommune minner om frist 7. desember 2018 for å kome med innspel til arbeidet med kommunedelplan for fysisk aktivitet og anlegg for idrett, friluftsliv og nærmiljø.

Her finn du forslag til planprogram (PDF, 3 MB)og her er presentasjon frå orienteringsmøtet på Volda samfunnshus 30.10.2018. (PDF, 4 MB)

Volda formannskap vedtok i møte 16.10.2018, sak 151/18, oppstart av arbeid med kommunedelplan for fysisk aktivitet og anlegg for idrett, friluftsliv og nærmiljø og høyring av planprogram.

Formålet med arbeidet er å gjennomføre hovudrullering av kommunedelplan for fysisk aktivitet og anlegg for idrett, friluftsliv og nærmiljø. Hovudrullering inneber full gjennomgang av planen med sakshandsaming etter reglane i plan- og bygningslova. Planen er forankra i kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel.

Planen skal gi grunnlag for å søkje om spelemidlar til idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg til friluftsføremål.

Du finn meir informasjon i høyringsutkast til planprogram for kommunedelplanen (PDF, 3 MB).

 

Innspel og merknader til planprogrammet og arbeidet med kommunedelplanen skal vere skriftlege og sendast som brev eller e-post til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda eller postmottak@volda.kommune.no

Frist for å kome med innspel og merknader til planprogrammet og innspel til ny kommunedelplan er 7.12.2018.

 

Lenke til dokument:

Høyringsutkast – planprogram kommunedelplan for fysisk aktivitet og anlegg for idrett, friluftsliv og nærmiljø (PDF, 3 MB)

Kommunedelplan for fysisk aktivitet og anlegg for fysisk aktivitet og anlegg for friluftsliv og nærmiljø 2014-2018 (PDF, 3 MB)

Kontakt

Berit Sandvik Skeide
planleggar
E-post
Mobil 476 69 370
No TMS