Nasjonale råd og reglar som gjeld i "normal kvardag med auka beredskap"

Bent Ingebrigtsen og Toril Høydal - Klikk for stort bilete Bente Engeseth Volda kommune er klar for gjenåpning av samfunnet. Kommunen er budd med omsyn til retningslinene regjeringa presenterte i dagens pressekonferanse, seier kommuneoverlege Bent Ingebrigsen.

På biletet: Bent Ingebrigtsen, kommuneoverlege og Toril Høydal, vaksinekoordinator og leiar Volda helsestasjon. 

Volda kommune er klar for gjenåpning av samfunnet laurdag 25.09.21, kl 16.00. Kommunen er budd med omsyn til retningslinene regjeringa presenterte i dagens pressekonferanse. Neste fase vert kalla  "normal kvardag med auka beredskap". Med auka beredskap i denne samanheng meiner ein at kommunane skal :

  • Framleis ha god kapasitet til testing av pasientar med symptom og risiko
  • Framleis ha god kapasitet til å vaksinere
  • Vere førebudd på å måtte vedta lokal forskrift dersom smittesituasjonen endrer seg og blir vanskeleg å handtere

Nedjusetert TISK

I tillegg gjeld det som vert kalla "Nedjustert TISK". Det betyr at mykje av smittesporinga ved smitte vert overlatt til den smitta sjølv og at kommunen sitt smittesporingsteam i mindre grad vil  ringe nærkontaktar. Når ein person er smitta vil denne bli kontakta av smittesporingsteamet og får informasjon om smitte, om å halde seg i isolasjon og å varsel sine nærkontakar. Nærkontaktar er dei den smitta bur saman med eller andre tilsvarande nære (t.d. kjæreste). Desse slepp karantene om dei held avstand frå den smitta personen og testar seg annankvar dag ved teststasjonen, eller kvar dag med eigentestar som vedkomande får utdelt ved testasjonen. Andre kontakter som den smitta meiner er i risiko for smitte, skal den smitta varsle og oppfordre om å teste seg ved symptom.

Behalde dei grunnleggande rutinane

Konsekvensen for innbygjgarane er at vi går tilbake til ein normal kvardag der vi kun held oss til dei gode vanane vi har lært oss gjennom pandemien - halde oss heime ved luftvegssjukdom, vaske hendene godt og beskytte andre dersom vi hostar. Det er ingen avgrensingar i forhold til besøk, størrelse på arrangement eller avstand mellom menneske.

Det er ikkje behov for lokale forskrifter eller tiltak i Volda fordi vi i dag ikkje har mykje smitte i vår kommune eller i kommunane rundt oss, seier kommuneoverlege Bent Ingebrigtsen.

Vaksinedekninga

Dekningsgraden av covid-vaksine er i Volda på nivå med resten av landet. Tall fra FHI viser at ca 90% over 18 år har fått 1 dose og ca 83% har fått 2 doser. 

Kan sjølv velje kva risiko og tiltak ein vil praktisere

Når myndighetene sine råd og reglar i hovudsak forsvinn, kan den enkelte sjølv velje kva risiko ein vil ta og kva tiltak ein vil praktisere. Avvikling av tiltak som nasjonale råd eller reglar står ikkje i vegen for at enkeltpersonar kan velje høgre beskyttelsesnivå for seg sjølv. Til dømes kan dei som ønsker større beskyttelse mot luftvegsinfeksjonar, velje å halde meir avstand til andre og sjølv bruke munnbind.

 

Opplisting av dei nye råda og reglane:

Tiltak

Råd og reglar

Handhygiene

Vask hendene ofte. Bruk såpe og vatn eller alkoholbasert handdesinfeksjonsmiddel.

Hostehygiene

Bruk papirlommetørkle eller albogekroken når du hostar eller nyser. Kast lommetørkleet, og vask hendene etterpå.

Råd ved luftvegssymptom

Råd ved nyoppståtte luftvegssymptom (feber, hoste, sår hals, tap av lukt- og smaksans, nedsett allmenntilstand):

• Hald deg heime

• Test deg for covid-19. Dette gjeld først og fremst ungdom og vaksne. Testing av barn kan vurderast i samråd med føresette, til dømes dersom barnet får nyoppståtte symptom etter nærkontakt med bekrefta tilfelle.

Når kan du vende tilbake til jobb, skule, m.m.:

  • Ungdom og vaksne bør ha ein negativ covid-19-test før dei vender tilbake.
  • Om symptoma forsvinn heilt etter ein dag, kan du vende tilbake til jobb og skule.
  • Ved vedvarande symptom bør du bli heime til allmenntilstanden er god, symptoma er i tilbakegang og du har vore feberfri i 24 timar, utan bruk av febernedsettande preparat. I dei fleste tilfella bør du halde deg heime i eit par dagar.
  • Ved meir alvorlege eller vedvarande symptom, kontakt lege for vurdering.

Når du har testa negativt for covid-19, og symptoma er milde og allmenntilstanden ikkje er påverka, treng du ikke å holde deg heime.

Ungdom og vaksne kan gå tilbake til skule/jobb når dei er i betring, eller samme dag som testen tas, dersom indikasjon for testing var milde og symptoma svake.

Du kan gå tilbake til skule/jobb sjølv om du har restsymptom som rennande nase eller lett hoste. Det kan gjelde eigne råd for helsepersonell og einskilde andre yrkesgrupper.

Særskilt for barn i barnehage og barneskulealder:

Barn som kun er snørrete eller har tett nase eller kroniske luftvegssymptom, treng ikkje å halde seg heime. Barn med nyoppståtte symptom som feber, hoste, sår hals og nedsett allmenntilstand, bør vere heime og kan gå i barnehage/skule når dei er i betring. Dette gjeld sjølv om barnet fremleis har nokon symptom, slik som rennande nase eller lett hoste.

Testing

Følgande personar vert anbefalt å teste seg:

  • Alle med nyoppståtte luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, uavhengig av vaksinasjonsstatus
  • Uvaksinerte hustandsmedlemmar eller tilsvarande nære til ein som er smitta
  • Andre uvaksinerte nærkontaktar

Utvida jamn testing vert fasa ut. Bruk av meir tidsbavgrensa jamn testing kan bli vurdert i situasjonar med utbrot. Dersom det er større utbrrot, kan jamn testing jamfør FHIs faglege rettleiing vere hensiktsmessig. Til dette føremålet er sjølvtestar anbefalt testmetode.

Dersom du testar positiv på ein selvtest, vert det anbefalt å ta ein PCR-test for å bekrefte testresultatet.

Isolering ved smitte

Det er krav om at personer som er bekrefta smitta av covid-19, skal isolere seg. Dette gjeld også for vaksinerte. Å isolere seg omfattar å opphalde seg i eigen heim eller på ein anna eigna opphaldsstad isolert frå andre, så langt som mogleg også frå andre i same husstand.

Personar som er heimeisolert, kan avslutte isoleringa 5 døgn etter symptomdebut under føresetnad om at dei har vore feberfri i minst 24 timar, utan bruk av febernedsettande preparat.

Dersom den som testar positivt ikkje er fullvaksinert og heller ikkje har symptom på luftvegsinfeksjon, tel ein 5 døgn frå testdato.

Fullvaksinerte personar utan symptom på luftvegsssjukdom vert ikkje anbefalt testing. Dersom dei likevel skulle teste positivt, bør dei halde seg isolert i 2 døgn med tanke på eventuell symptomutvikling.

Smittesporing

Kommunane si rutinemessige smittesporing bør kun omfatte husstandmedlemmar og tilsvarande nære, slik som kjærestar.

Dersom du er smitta, eller føresett til ein som er smitta, vert du oppmoda om å varsle øvrige nærkontaktar og oppfordre til testing.

I helse- og omsorgsinstitusjonar og heimetenesta bør det gjennomførast smittesporing jamfør eige skriv.

Råd til nærkontaktar

Uvaksinerte hustandsmedlemmar og tilsvarande nære kontaktar til kjende smitta vert anbefalt å avstå frå kontakt med andre i 7 dagar eller til å teste seg.

Dersom du ikkje vert utsett for vidare eksponering, kan du i staden for å avstå frå kontakt med andre, velje å teste deg regelmessig. Det kan enten skje ved:

1. Dagleg sjølvtesting i 7 dagar

2. PCR-test annankvar dag i 7 dagar


Les meir på regjeringa sine heimesider.