No er det viktig at vi jobbar i lag og unngår spreiing

Kommunelege Marte Vaage Øie er bekymra for smittesituasjonen, og understrekar at det no er viktig at folk ikkje møtest til fest og sosiale lag i helga. Då kan ein forhåpentligvis hindre eit større smitteutbrot.  - Klikk for stort bileteKommunelege Marte Vaage Øie, Ørsta kommuneVi har eit smitteutbrot i Ørsta/Volda, og det er mykje ungdom som er råka. Det er avdekka totalt 15 smittetilfeller denne veka, men dette kan fort bli eit stort utbrot. – Det er spesielt viktig at vi unngår og avlyser samankomstar i tida framover, då kan vi forhåpentlegvis stanse utbrotet, seier kommunelege i Ørsta, Marte Vaage Øie. 

Det blei i dag onsdag 28. juli meldt ytterlegare fem positive, vi er no oppe i 15 smitta denne veka i Ørsta/Volda. Det er ikkje kapasitet til å kontakte alle nærkontakter

–  Vi takkar for tolmodet og samarbeidet til alle dei det gjeld, dei har vore kjempeflinke. Eg trur det kjem svært mange smitta til, i løpet av dagen og dei neste dagane. Om dei fortsetter slik og kanskje droppar fest og sosiale lag i helga som kjem så kan vi forhåpentligvis stanse dette utbrotet, seier Vaage Øie.

 

Smitte blant unge tidleg i 20-åra

Alt tyder på at smitten har fått spreidd seg blant unge tidleg i 20-åra. Dei smitta har vore på fleire festar og særleg My kitchen i Volda på laurdag kveld utpeikar seg. Her har truleg svært mange blitt smitta.

– Denne og neste veke har vi nesten ikkje folk til å bemanne teststasjonen og legevakta i det heile. Bemanninga er på eit minimum som utan smitte framleis ville vore for dårleg. Dette visste vi, men klarte ikkje å få nok folk akkurat desse vekene. At vi akkurat no får eit massivt smitteutbrot er sjølvsagt svært utfordrande. Vi har ikkje hatt kapasitet til å ringe nærkontaktane, knapt nok tid til å kartlegge skikkeleg dei smitta. Vi klarer heller ikkje å få tak i nok folk til å teste store volum. Alle einingar vi kontaktar for hjelp er i same situasjon med marginal sommarbemanning og no også ein del ute i karantene, seier ho.

Det er svært stor pågang på koronatelefonen, elektronisk timebestilling og testing. I dag har det vore rekordlang kø og folk har ikkje klart å bestille time elektronisk då dei får feilmelding. Truleg grunna den store pågangen.

– Vi må rett og slett erkjenne at vi ikkje har kapasitet til å handtere eit så stort smitteutbrot midt i fellesferien. Normalt sett kontaktar vi alle nærkontakter, men no kjem vi ikkje til å klare det. Vi har truleg heller ikkje oversikt over alle nærkontakter sidan vi ikkje får snakka med alle og sidan det er vanskeleg å nå oss. I denne situasjonen er det ekstra viktig at alle hjelper til for å unngå vidare smitte og å belaste kapasiteten på teststasjonen, seier kommuneoverlege i Ørsta Vaage Øie.
 

Definisjon på nærkontakt:

  • Nærmare enn to meter i meir enn 15 min eller fysisk kontakt.
  • Om ein har vore i lag innandørs over tid vil ein også bli rekna som nærkontakt, t.d på ein fest eller samankomst.

Følgande gjeld for nærkontakter:

Fullvaksinert:

  • Ikkje pålagt karantene eller testing.
  • Vi oppfordrar likevel til test, særleg ved symptom.

«Beskytta», det vil seie ei vaksinedose for meir enn tre veker sidan:

  • Ikkje pålagt karantene, men er pålagt test mellom dag 3 og 7.

Uvaksinerte:

  • 10 dagars karantene
  • Ein bør teste seg så fort som mogeleg
  • Ein kan teste seg ut av karantene om ein testar seg på dag 8 etter siste kontakt med den smitta.

Nærkontakter til nærkontakter er ikkje i ventekarantene og kan oppføre seg som normalt. Dersom nærkontakten har symptom eller ein sjølv har symptom er det fornuftig å halde seg heime til vedkomande eller ein sjølv får svar på testen, men vi kan ikkje pålegge det.