No er kontrakten signert

Klikk for stort bileteEskild Røsand (t.v.) frå Betonmast og Arild Bakke frå Volda Campus Arena signerte kontrakt om bygging av idrettshall

 

Torsdag signerte partane kontrakten for bygginga av Volda Campus Arena. Fredag 12. august vert første spadetak.

Endeleg er kontrakten for å starte bygginga av den nye Volda Campus Sparebank1 Arena signert. Torsdag 13. juni var dei involverte partane samla for å signere kontrakten, der både Volda Campus Arena AS, entreprenør Bentonmast og Volda kommune var representerte.

Det er Volda Campus Arena AS som vert ståande som kontraktspart med entreprenøren, men Volda kommune tek den økonomiske risikoen i prosjektet.

Styreleiar i Volda Campus Arena AS, Arild Bakke, var veldig nøgd med at det formelle no er unnagjort. 

- Då vi fekk inn kommunen med tanke på behov for skulane på dagtid og fylkeskommunen med vidaregåande, slik at hallen er full frå dag éin, så var dette ein innartiar. No får inneidretten endå betre rammevilkår som gjer at dei kan ta nye steg, seier Bakke.

Godt samarbeid

Prosjektleiar i Volda kommune, Pål Are Vadstein, opplyser at kommunen har jobba godt saman med Volda Campus Arena AS det siste året, både i planleggingsfasen, anbodsprosessen og i prosjektstyringa.

Partane har gjennom godt investeringsbudsjett og finansieringsplan kome fram til ei god løysing. Volda kommune bidreg mellom anna med eit eingongstilskot på 30 millionar kroner, 16 millionar til infrastruktur rundt anlegget, 12 millionar til parkeringshus i kjellar, kjøp av tomtegrunn på 10 millionar (inkl. utviklingskostnader) og vert ståande som garantist for lånet.

- Kommunen responderte positivt med ein gong etter vårt initiativ, og frå dag éin har det berre vore ein konstruktiv prosess saman med administrasjonen i Volda kommune. Dei har vore veldig medverkande til at dette har vore ei suksesshistorie, påpeikar Bakke, som legg til at både det private og det offentlege har jobba godt saman i dette prosjektet. 

Tidleg julegåve

Den 12. august startar entreprenøren med arbeidet, og det ser dagleg leiar Eskild Røsand veldig fram til.

- I august vil det vere ein del gravemaskiner i området. Så i september vil truleg betongarbeidet starte. Deretter går det for fullt framover. Forhåpentlegvis vil ein kunne sjå allereie tidleg på våren korleis dette kjem til å sjå ut, seier Røsand.

Det var ynskeleg at hallen skulle stå ferdig til skulestart i 2020, men det vert ikkje eit realistisk mål. Partane lovar derimot at innbyggjarane i Volda kommune kan sjå fram til ei fin julegåve med flunkande ny hall på plass om litt over eit års tid.