No får du vaksine i Voldahallen

Kart med lokasjon for koronavaksinering - Klikk for stort bileteNår du får innkalling til vaksine skal du møte opp i Voldahallen, Vevendelvegen 31 (grøn bygning).

Vi har flytta vaksinelokalet opp til Voldhallen.

  • Alle som skal ta koronavaksine skal møte opp i Voldahallen, sjølv om du har fått SMS om å møte på samfunnshuset.

Parkering

Vi ber om at de brukar parkeringa med innkøyring frå Engesetvegen (Steinrøysa), merka med P2. 

Parkeringssone for rørslehemma

Parkeringsplassane ved inngangen til Voldahallen, merka med P1, vert reservert for rørslehemma. Innkøyring frå Storgata.

Parkeringsplass for vaksinasjon - kart - Klikk for stort bilete

 

Når vert det min tur?

Det er mange som vil planlegge sommarferie og lurer på kor langt vi har kome med vaksineringa i Volda. Vi veit ikkje nøyaktig kva tid det vert din tur. Det vil vere avhengig av kor mange doser vi får. 

Dersom du er redd for å gå glipp av vaksinetimen din fordi du planlegg å reise vekk på ferie, så kan du vite at du kan utsette oppstart av vaksinasjonen din. Du kan ta kontakt og utsette timen din dersom du skulle få innkalling medan du er på reise. 

Når du får første dose, må du planlegge slik at du kan få andre dose etter 12 veker same stad som dei fekk første dose. Dei som har hatt korona, skal berre ha ei dose.

Status i veke 18

Det vert vaksinering torsdag 6.mai. Denne veka er det personar i prioriteringsgruppe 5 som får første dose. Vi har kun motteke vaksiner frå Pfizer.

I veke 19 vert det vaksinering onsdag 12. mai frå kl 14.00. Denne veka får resten av gruppe 5, gruppe 6 og ein del av gruppe 7 første dose.

Vidare veit vi ikkje sikkert då dette er avhengig av kor mange vaksinedoser vi får tildelt.

Dette er prioriteringsgruppene (FHI har definert desse)

  • Gruppe 1: Bebuarar i sjukeheim
  • Gruppe 2: Alder 85 år og eldre
  • Gruppe 3: Alder 75-84 år 
  • Gruppe 4: Alder 65-74 år og samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp
  • Gruppe 5:  Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 6: Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 7:  Alder 18-44 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 8: Alder 55-64 år 
  • Gruppe 9: Alder 45-54 år