No kan du bestille deg time til vaksinasjon

Koronavaksine virus og sprøyte - Klikk for stort bileteAlle som er folkeregistrerte i Volda og er over 18 år, skal no ha fått innkalling til vaksinasjon mot covid-19. 

Dersom du tidlegare har takka nei, eller har utsett timen, rår vi deg til å snarast bestille time for å få første dose. Du som tidlegare er innkalla kan bestille time til dette via helsenorge.no.

Her har vi laga her ei oppskrift på korleis du gjer dette på helsenorge.no

  • Du kan også ringe vaksinasjonstelefonen: 70 05 89 65 (open kvardager kl. 12-16).
  • Dersom du er tilsett i skule- eller barnehage i Volda, men bur i annan kommune, kan du også ringe vaksinasjonstelefonen for å bestille time.
  • Dersom du oppheld deg i Volda, men ikkje er folkeregistrert her, kan du også ringe vaksinasjonstelefonen for å bestille deg time til vaksinasjon i Volda. 

Vi har ledige timar 29. juli, 5. august og 12. august.

Ein kan enno ikkje framskunde time for dose 2. Dette blir truleg mogleg etterkvart. Vi vil kome tilbake med informasjon når dette vert mogleg.