NRK sin radioserie Kommunestafetten kjem til Volda

Klikk for stort bilete

 

NRK Møre og Romsdal skal sjå på Volda kommune i radioserien Kommunestafetten. Dei treng tips.

Bilete - er henta frå nrk.no 

Dette er meldinga som tikka inn på kommunen sin Facebook laurdag morgon:

 

Hei, eg jobbar i NRK Møre og Romsdal.

I desse tider har vi ein kommunestafett i ettermiddagssendinga vår på radio.

Kvar dag trekkjer vi ut ei ny kommune, og måndag 27. april skal vi bli betre kjend med Volda kommune på NRK P1 Møre og Romsdal.

Vi sender direkte i radio frå kl. 14.00 til kl. 17.00 på NRK P1 📻

Vi planlegg ein digital rundtur, der vi tek 3-4 stopp. Vi brukar telefon, eller andre tekniske tenester. 🎧🎤

Vi kjem altså ikkje i eigen fjonge person i desse korona-tider.

 

Har du tips til kven vi bør kontakte?

 

Vi vil lære meir om folka og kommunen.

Om kulturliv og næring, natur og friluftsliv.

Vi vil høre frå kvinner og menn med hjarte for plassen de bur på. Unge og eldre.

Vi treng hjelp til å finne eldsjelene og kvardagsheltane🥰

 

Og du, skriv bittelitt meir enn berre namnet til dei du syns vi skal kontakte.

Kvifor han, ho, desse? Kva driv dei med?

For kven?

 

Tips meg gjerne i kommentarfeltet på Facebook, eller send ein e-post: mr@nrk.no

 

Dette blir kjekt.

Gler oss til å kome på «besøk»😁📻🎤

 

Helsing Pål Kristian Lindseth, NRK