Ny app for gravide og småbarnsforeldre

Klikk for stort bileteHelseoversikt er namnet på ein ny norsk og gratis app som er utvikla i tett samarbeid med helsepersonell og kommunal helseteneste.

I denne appen kan gravide og småbarnsforeldre få trygge svar samla på ein stad.   

- Her vil ein finne helseråd frå dei rette kjeldene, og nyttige verktøy gjennom heile svangerskapet og i småbarnsfasa, seier prosjektleiar Inge Pettersen, og legg til:

- Helseoversikt er eit godt supplement til vår eigen Helsestasjonsportal, og har fordelen at den kan gi deg relevant og målretta informasjon ut i frå kvar du er i svangerskapet eller alder på barnet ditt. Ved å bruke Helseoversikt slepp du å bli utrygg ved å søke rundt på internett.

I appen vil ein også finne informasjon om tilbodet frå helsestasjonen i din kommune.

I tillegg til norske helseråd frå riktige kjelder, inneheld den også mange nyttige verktøy som blant anna oppgåver ein må huske å gjere, timeavtalar, rieteller, sparketeller og mange nyttige videokurs.

Appen vert utvikla fortløpande og det vil komme stadig nye funksjonar med formål om å gi gravide og småbarnsforeldre ein tryggare og enklare kvardag.

Helseoversikt vert teken i bruk som ein del av prosjektet «Digitalisering av helsestasjon og skulehelseteneste». Der vil alle kommunane på Søre Sunnmøre (Sjustjerne-samarbeidet) bidra til å vidareutvikle appen gjennom tidleg testing av nye funksjonar og ein direkte dialog med Helseoversikt AS kring ønska funksjonar og innhald.

Last ned appen i dag ved søke «Helseoversikt» i AppStore eller Google Play.

Klikk for stort bilete