Nye nasjonale smitteverntiltak frå fredag 16. april

Illustrasjon koronavirus - Klikk for stort bilete fhi.no Regjeringa har varsla nye nasjonale tiltak som trer i kraft frå midnatt , natt til fredag 16. april.

Dette er dei nasjonale tiltaka som gjeld frå og med 16. april:

Anbefalingar for heile landet

Hald 1 meter avstand. Hald hendene reine. Hald deg heime om du er sjuk.

Sosial kontakt

  • Alle bør avgrense sosial kontakt.
  • Det vert oppmoda om å møte andre utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn fem gjestar. Dersom alle gjestane kjem frå same husstand kan ein vere fleire, men ein må kunne halde avstand (nytt).
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort. Barn og unge kan, i tillegg til å ha besøk frå eigen barnehage- og barneskulekohort, ha besøk av eller gå på besøk til ein til to faste vennar

Reise

  • Reise til utlandet er ikkje tilrådd. Strengt nødvendige reiser kan bli gjennomført.
  • Unngå unødvendige reiser innanlands. Dette er spesielt viktig til og frå områder med høgt smittepress.
  • Ein kan reise på hytta (eigd eller leigd) eller hotell innanlands, men unngå kollektivtransport om det er mogleg.
  • Reiser til arbeids- og studiestad kan vere ei nødvendig reise.
  • Personar som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak bør følge anbefalingane som gjeld i kommunen dei bur i til vanleg.

Skular og barnehage

Barnehagane og skulane er på gult nivå i tråd med trafikklysmodellen.

Arbeidsliv

  • Heimekontor for alle som har moglegheit.

Handelsnæringa

  • Ope med smitteverntiltak jamfør eigen bransjestandard og krav i forskrift.

Idretts- og fritidsaktivitetar

  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei er unntatt frå anbefaling om ein meter avstand når det er nødvendig for å drive med aktiviteten.
  • Dersom barn og unge trenar/øver med eit lag, foreining eller liknande i ein annan kommune, vil dei kunne konkurrere med dette laget/denne foreininga så lenge smittesituasjonen tillèt det. 
  • Barn og unge under 20 år som driv med idrett som ikkje omfattar nærkontakt, som ski, kan delta i idrettsarrangement utandørs som samlar deltakarar frå same idrettskrins eller region der region vert brukt som geografisk inndeling
  • Vaksne kan drive organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 10 personar, så lenge dei kan halde minst ein meter avstand (Nytt).
  • Vaksne kan drive organisert aktivitet utandørs i grupper på inntil 20 personar, så lenge dei kan halde minst ein meter avstand. (Nytt)
  • Toppdrettsutøvarar kan trene som normalt, både utandørs og innandørs.

Høgare utdanning

  • Mogleg å være på campus med forsterka smitteverntiltak. Tilgang til lesesalar og bibliotek. Større førelesningar og samankomstar bør ein unngå, undervisning i mindre grupper kan gjennomførast. (Nytt)

Regler for heile landet (forskriftsfesta)

Private samankomstar og arrangement:

Arrangement som samlar personar frå ulike kommunar, vert anbefalt utsett eller avlyst.

Reglane for arrangement er som følger:

  • Maks ti personar på private samankomstar innandørs utanom i eigen heim, som til dømes bursdag i leigd lokale. Maks 20 personar utandørs. Barn i same kohort i barnehage eller barneskule kan møtast med eit nødvendig tal vaksne personar som tilretteleggarar.
  • Maks 10 personar på innandørs arrangement utan faste tilviste sitteplassar, men likevel inntil 50 personar på idretts- og kulturarrangement som samlar deltakarar under 20 år som høyrer til same kommune (nytt med 50 for kulturarrangement).
  • Maks 100 personar på arrangement innandørs der alle i publikum sit på faste, tilviste sitteplassar (nytt)
  • Maks 200 personar på arrangement utandørs, men 600 personar (fordelt på 3 kohorter á 200 personar) dersom dei sit på faste tilviste plassar og det er to meter avstand mellom kohortane (nytt).
  • Arrangøren skal iverksette tiltak for å ivareta krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i same husstand på arrangement der publikum siter på faste, tilviste sitteplassar. Om det er nødvendig skal det vere vakthald for å sikre dette.
  • Same høve til å skjenke alkohol på arrangement som på serveringsstadar (nytt).

Uteliv, serveringsstedar og arrangement med skjenkeløyve

  • Kun tillat med skjenking ved servering av mat. Skjenkestopp kl. 22.00 (nytt).
  • Det skal registrerast kontaktopplysningar til dei gjestane som samtykker til det.

Gode nasjonale sider med oppdatert informasjon:

Regjeringa si pressemelding.

Nasjonal rettleiar med oppdaterte tiltak på helsedirektoratet sine sider.

Helsenorge.no