Nye nasjonale smitteverntiltak torsdag 25. mars

Klikk for stort bilete Pixabay.com

Regjeringa innfører strengare nasjonale tiltak som trer i kraft fra midnatt, natt til torsdag 25. mars. Volda kommune følger dei nasjonale tiltaka, vi har ikkje lokale smitteverntiltak.

For å hindre at smitten skal spreie seg til områder i landet med lite smitte, innfører regjeringa etter råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet strengare nasjonale tiltak. Tiltaka trer i kraft frå midnatt, natt til torsdag 25. mars og gjeld inntil vidare. Det skal vere ny vurdering innan 12. april. Det er innført både nye anbefalingar og forskriftsfesta reglar. 

Følg alltid dei strengaste råda

Du bør unngå alle unødvendige reiser. Dersom du likevel må reise mellom ulike kommunar vert du sterkt oppmoda om å følge reglane til den kommunen som har dei strengaste anbefalingane og reglane. Reiser du t.d. frå austlandet, så bør du følgje råda som gjeld i der, også under opphald i Volda. Dersom vi skal unngå nye smitteutbrot i landet må alle følge dei nye tiltaka.

Dette er dei nye nasjonale tiltaka:

 

Dei nye anbefalingane:

Ei anbefaling bør følgast, sjølv om den ikkje er forskriftsfesta.  

  • Ein-meteren blir no til to-meteren. Dei som du hittil har holdt minst éin meters avstand til, må du fra no av halde minst to meters avstand til.
  • Vi anbefaler maks to gjester på besøk.
  • Dersom du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du verken reise på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk. Dei som bur aleine og barn og unge under 20 år kan ha overnattingsbesøk av ein til to faste vener.
  • Ha få kontakter og dei same over tid. Du bør begrense sosiale kontakter mest muleg
  • Munnbind er anbefalt på alle stadar der det ikkje er mogleg å halde to meters avstand.
  • Det er anbefalt at ein kun nyttar seg av butikkar, kjøpesenter og varehus i heimkommunen.
  • Det er anbefalt at alle reiser som ikkje er nødvendige blir utsett, med desse unntaka:
    • Reiser til arbeid når det ikkje er muleg med heimekontor.
    • Reiser heim til familien for studentar utan familie der dei studerar.
    • Reiser til hytte saman med eigen husstand.

Det er tidligare bestemt at det skal vere digital undervisning på universitet, høgskular og fagskular fra og med 6. april. Dette trer i kraft no 25. mars.
 

Dei nye forskriftsfesta reglane:

Ein forskriftsfesta regel skal følgast. Den som bryt forskriftsfesta reglar kan bli bøtelagd.

  • Det blir forbod mot skjenking av alkohol over heile landet.
  • Det blir forbode med innendørs organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne, med unntak for profesjonelle toppidrettsutøvarar.
  • Treningssenter blir stengt, men kan ha ope for innbyggarane i kommunen, for rehabilitering, individuell trening og behandling.
  • Svømmehallar skal stengast, men kan ha ope for blant anna barn på svømmetrening og personar som treng bassenget til rehabilitering.
  • Fornøyelsesparkar, bingohallar og liknande underhaldningstilbod blir stengt.
  • Arbeidsgivar skal sørge for at ansatte jobbar heime ifrå på alle arbeidsplassar der det er praktisk mogleg.
  • Personar som returnerar til Norge etter unødvendige utenlandsreiser må tilbringe heile karantenetida på karantenehotell. Dette trer i kraft frå midnatt, natt til mandag 29. mars.
  • Alle planlagte arrangement anbefalast avlyst. Dersom arrangementet ikkje kan utsettast gjeld desse reglane:
    • Innandørs er det tillate med 20 personar på arrangement med faste, tilviste sitteplassar.
    • Innandørs er det tillate med  50 personar på idrettsarrangement for personar under 20 år som tilhøyre idrettslag i same kommune.
    • Utandørs er det tillate med kun 50 personar på arrangement.
    • Det blir tillate med 50 personar i begravelsar og bisettelsar når det nyttast faste tilviste plassar.

 

Rådhuset i Volda og Smia i Hornindal held ope

Dei aller fleste tilsette er på heimekontor. Ta gjerne kontakt og gjer avtale før du kjem.

Opningstider 

Smia: måndag, onsdag og fredag kl. 09.00-15.00.

Volda rådhus: måndag - fredag kl. 09.00-15.00

 

Kva er forskjellen på anbefaling og forskriftsfesta regel?

  • Ei anbefaling bør følgast, sjølv om den ikkje er forskriftsfesta. 
  • Ein forskriftsfesta regel skal følgast.