Nye nasjonale tiltak (desse utgår 9. desember då nye trer i kraft)

Regjeringa har innførte nye nasjonale tiltak. Link til stor plakat (regjeringen.no). I Volda har kommuneoverlegen gjort vedtak om heimeundervisning for elevane ved Dalsfjord skule og Øyra. I tillegg kjem kommunen med sterk anbefaling om sju dagar karantene. Pressemeldinga finn du her.

Julebord og andre sosiale arrangement

Det er ingen nasjonale eller lokale råd eller forskrifter som er til hinder for slike arrangement. Vi ønsker at det meste skal gå som vanleg. Det er arrangør som må ta beslutninga om ein vil gjennomføre eller ikkje. Deltakarane bør halde seg heime ved sjukdom eller dersom dei har vore utsett for smitterisiko i ei slik grad at dei ikke kjenner seg trygge på at dei ikkje er smitta.

 

Nye nasjonale reglar for karantene og isolasjon per 29.11.21

Den som testar positivt skal vere i isolasjon minimum fem dagar. Personen skal vere frisk utan feber siste 24 timar før isolasjonen vert oppheva.

Personar i same husstand eller tilsvarande nære:

Personar i same husstand eller tilsvarande nære som har hatt nærkontakt med smitta person siste 48 timar før den smitta fekk symptom eller positiv test har karanteneplikt i sju døgn etter siste kontakt med den smitta. Ein kan korte ned karantenetida ved å gjennomføre følgjande testing:

  • Fullvaksinerte og personar som har hatt covid-19 (siste 12 månader) skal ta test (PCR eller antigen hurtigtest/sjølvtest) snarast etter kontakt med den smitta. Er denne testen negativ, gjeld ikkje karanteneplikta. Du skal i tillegg ta ny test mellom dag 3 og 7 etter nærkontakt.
  • Uvaksinerte eller delvaksinerte (1 dose) skal snarast ta test etter kontakt med den smitta. Er denne negativ, gjeld ikkje karanteneplikta. Du skal i tillegg ta test kvar dag med sjølvtest/antigen hurtigtest, eller annankvar dag med PCR-test i totalt 7 dagar.

Personar under 18 år er ikkje omfatta av denne karanteneplikta. Vi rår likevel til at også desse testar seg slik som det står ovanfor.

Andre nærkontaktar:

Andre nærkontaktar (mindre enn 2 meter i meir enn 15 minutt) har ikkje karantene eller testplikt. Vi rår likevel at du tek ein test snarast råd etter kontakt med smitta person og deretter ein test dersom du får symptom.

Vi rår til at alle husstandsmedlemmer, tilsvarande nære og andre nærkontaktar reduserer sosial aktivitet første veka etter kontakt med smitta person. Særskild gjeld dette kontakt med eldre personar eller personar i risikogruppe.  

Om omikron:

Det er eigne og strengare reglar med mistanke om virusvarianten omikron. Dei kan du lese om her (regjeringen.no).

 

Kontaktreduserande nasjonalt råd (ikkje regel), per 02.21.21

  • Hald avstand til andre, gjerne ein meter der det er mogleg. Unngå klemming (nytt) og handhelsing.
  • Anbefaling om at arbeidsplassar der heimekontor er mogleg utan at det går ut over viktige og nødvendige tenester, sørgjer for at tilsette jobbar heimanfrå heile eller delar av veka, slik at bedriften samla sett utgjer 50 prosent (nytt)
  • Vaksne bør vurdere om ein kan redusere tal på nærkontakter (nytt).
  • Det er ei nasjonal anbefaling om å bruke munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesten.
  • Det er nasjonal anbefaling om å bruke munnbind på kollektivtransport, i drosje, i butikkar og på kjøpesentre der det ikkej er mogleg å halde avstand. Det vert anbefalt også å bruke munnbind der det er mykje folk og vanskeleg å halde avstand, t.d. når du skal hente jakka din etter eit arrangement samtidig med mange andre eller på veg ut av ein fotballstadion.

 

Her kan du lese meir om dei nye nasjonale råda og reglane, oppdatert 03.12.21:

https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/id2692388/

https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/koronavirus og 

https://www.helsenorge.no/koronavirus/oversikt-over-regler-og-anbefalinger/#lokale-regler-og-anbefalinger

Innreisetiltak

Her kan du lese om dei nye innreisetiltaka (regjeringen.no). På helsedirektoratet sine sider finn du skjema for digital innreiseregistrering og kontaktinformasjon om du har sprøsmål: https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/koronavirus/reiser

Koronatest

Du kan få utlevert både hurtigtest og PCR-test på teststasjonen i Hovdebygda. Her får du også tatt test. 

Du kan få utlevert test på legekontoret i Hornindal. Personar med symptom skal ikkje gå inn på legesenteret. Få nokon til å hente test for deg eller ta kontakt for utdeling av test. Dersom du tek PCR-test må denne leverast inn på teststasjonen i Hovdebygda. Dei som ikkje kjem seg til Hovdebygda, kan gjere eigne avtalar ved å kontakte: 

Koronatelefon for Volda kommune (tlf. 700 58 960),  mån. - fre. kl 10.00-12.00.