Nyopning av sentralkjøkenet på omsorgssenteret

Klikk for stort bileteHausten 2019 vart sentralkjøkenet på Volda omsorgssenter pussa opp Joakim Rødven Sentralkjøkkenet i Volda har siste halvåret vore stengt grunna ombygging.

No står kjøkkenet ferdig og ny omleggingsproduksjon er iverksett. Det er derfor no høve til å kjøpe mat i kantina som tidlegare.

Frå 1. desember har brukarane fått varm og nylaga middag kvar einaste dag - som dei får gjennom heile året. I tillegg til produksjonsomlegging har kjøkkenet fått nye, lyse lokale med gode arbeidsforhold for dei tilsette.

Kjøkkenet er vidare innreia med eiga bakeavdeling der målet er å bake brød, kaker og anna bakst som skal ut i avdelingane i helse og omsorgssektoren. Det er også ei eiga «potetskrelle-avdeling» med maskiner som er tilpassa arbeidet.

- Sektor helse- og omsorg er strålande fornøgde med det nye kjøkkenet og ynskjer å takke alle som har bidrege i ombygginga, seier Ingunn Gjengedal, assisterande kommunalsjef i sektor helse- og omsorg.

Mellom anna har Styrk Arbeid bidrege sterkt i arbeidet, i samarbeid med Dalsfjord Bygg, Brændes Rør, Tussa installasjon, Storkjøkkenservice og ikkje minst dei tilsette på sentralkjøkkenet.

I tillegg har eigedomsavdelinga hatt ei sentral rolle i planlegginga.

Gjengedal ynskjer alle velkomne til Volda omsorgssenter for å nyte god mat i samband med eventuelle besøk.

Opningstider

  • Tysdag, onsdag, torsdag frå kl 11.00-15.30
  • Fredag kl 11.00-14.30
  • Søndag frå kl 11-15.30