Nytt smittetilfelle i Volda 10. oktober - oppdatering 11.10.20 kl 19.00

Klikk for stort bilete

 

Bilde: AP/NTB Scanpix

Oppdatering 11.10.20, kl 19.00

Om personen som fekk positivt prøvesvar på Covid-19 laurdag kveld 10.10.20.

Situasjonen er under kontroll så langt vi veit no. Den smitta kom frå utlandet og vart testa på Vigra. Vedkomande er sett i isolasjon. Personen han reiste saman med og dei andre han bor saman med er sett i karantene. Dei vert testa i morgon.

Den smitta kom frå utlandet for å arbeide. Dei han bor saman med er også i Norge for å arbeide.

Oppdatering 10.10.20, kl 22.30

Det er i kveld kome svar på ein person som har testa positivt for Covid-19 som oppheld seg i Volda. Smittevernsvakta held på med smittesporing. Til no er fem personar i karantene. 

Det er no ekstra viktig at alle er forsiktige og følger smittevernråda.

Hald avstand, god handhygiene og bli heime om du har symptom.

Meir informasjon kjem etterkvart som situasjonen vert kartlagt.