Offentleg ettersyn - Årsbudsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026

Leikeplass og solnedgang - Klikk for stort bilete Volda kommune

Formannskapet handsama 22.11.2022 administrasjonen sitt framlegg til årsbudsjett og økonomiplan.

Formannskapet si innstilling vert lagt ut til offentleg ettersyn, jf. kommunelova § 14-3. 

Lenke til årsbudsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026.  

Betalingssatsar for dei kommunale tenestene er innlemma i budsjettsaka, bortsett frå slam og avfallsgebyr som ligg i eiga arkivsak

 

Papirkopi av budsjettet finn du på biblioteket i Volda og Hornindal, og på Coop Marknad Folkestad og Lauvstad.


Merknadar må vere kommunen i hende innan 14. desember 2022. 
 
Merknad sendast til: 
postmottak@volda.kommune.no eller pr brev til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda. 

 

Det vert folkemøte om budsjett og økonomiplanen tysdag 6. desember kl. 18.00, på Volda samfunnshus.