Offentleg ettersyn - Handlingsprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Klikk for stort bilete Tore Sørheim  

 

Handlingsprogrammet utgjer ei prioritert liste over tiltak i Volda kommune som er aktuelle for søknad om spelemidlar. 

Tenesteutvalet for forvaltning og utvikling vedtok i møte den 13.10.2020 å legge framlegg til handlingsprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv for 2021 ut til offentleg ettersyn. 

Det nye handlingsprogrammet for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv utgjer ei prioritert liste over dei tiltaka i Volda kommune som er aktuelle for søknad om spelemidlar. Prioritet på lista er ein førestnad for tildeling av midlar frå denne ordninga.

Kommunen inviterer alle som ønskjer det å legge fram skriftlege synspunkt og innspel til handlingsprogrammet. 

Vidare saksgang vert slik:

  • 16.10.2020 – 10.11.2020 tidsperiode – offentleg ettersyn/høyring av handlings-programmet.
  • 26.11.2020 Sak om godkjenning av handlingsprogrammet. Vedtak i kommunestyret.
  • 16.12.2020 Søknadsfrist for spelemiddelsøknadar til kommunen. 
  • 15.01.2021 Frist for kommunen til å vidaresende søknadane til fylkeskommunen

Først når handlingsprogrammet er godkjent er det mogleg å søkje om tilskot frå spelemidlane. Kommunen vil då kunne opprette sak i anleggsregisteret *) og gjere det mogleg for dei einskilde lag/organisasjonar å registrere sine prosjekt der. 

Som ein ser er det korte fristar og søkjarane har berre 3 veke på seg frå vedtak om godkjenning av handlingsprogram er gjort til søknaden om spelemidlar må vere motteken i kommunen. Potensielle søkjar rådast derfor til å nytte tida framover til å førebu sine søknadar.

Ta gjerne kontakt med sakshandsamar om du har spørsmål eller treng råd.


*)Kulturdepartementet sine temasider for tilskudd til idrettsanlegg, kulturbygg og friluftslivsanlegg. Her vil du finne søknadsskjema, vilkår og krav, og informasjon om prosessen. https://www.anleggsregisteret.no/

Frist for innspel/framlegg til endringar er 10.11.20

Handlingsprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv til offentleg ettersyn frist 10.11.20
Tittel Publisert Type
Offentleg ettersyn - handlingsprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv (2021) i Volda kommune (L)(96233)

16.10.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Offentleg ettersyn - handlingsprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv (2021) i Volda kommune (L)(96233).pdf
Vedlegg 1 - handlingsprogram ordinære anlegg 2021 - offentleg ettersyn

16.10.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 1 - handlingsprogram ordinære anlegg 2021 - offentleg ettersyn.pdf
Vedlegg 2 - handlingsprogram nærmiljøanlegg 2021 - offentleg ettersyn

16.10.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 2 - handlingsprogram nærmiljøanlegg 2021 - offentleg ettersyn.pdf
Orienteringsbrev 161020 vedrørande offentleg ettersyn av handlingsprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

16.10.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Orienteringsbrev 161020 vedrørande offentleg ettersyn av handlingsprogram for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.pdf

Kontakt

Torgeir Stensø
planleggar
E-post
Telefon 70 05 87 55
Mobil 414 87 243