Offentleg ettersyn: kommunedelplan for Dalsfjord-kryssing

Klikk for stort bileteLokalisering av planområde for kryssing av Dalsfjorden Norgeskart.no Kommunen varslar oppstart av arbeidet med kommunedelplan for Dalsfjord-kryssing. Forslag til planprogram vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Hovudføremålet med planarbeidet er å leggje til rette for å erstatte dagens ferjesamband Volda – Lauvstad med brusamband over Dalsfjorden.

Fylkesveg 5890 går i dag frå Folkestad til Lauvstad rundt Dalsfjorden. Vidare nordover frå Lauvstad går fylkesveg 652 mot Vanylven kommune.

Prosjektet heng tett saman med prosjektet «Voldsfjordkryssing», og har som mål å knytte vestsida av Volda kommune samen med resten av kommunen ferjefritt.

Knyte regionen tettare saman

Kryssing av Dalsfjorden vil vere trinn 2 i dette prosjektet. Bygdene i Vanylven og ytre Nordfjord vil få ein ferjefri veg til Volda/Ørsta, og dermed korte inn reisetida denne vegen.

Dette vil knyte regionen tettare saman i ein bu- og arbeidsmarknadsregion og medverke til at reisetid mellom anna sjukehus, flyplass, arbeid og skule vert vesentleg kortare.

Fleire lokalsamfunn vil verte tettare knytt saman, det vert dermed også lettare å dagpendle over større avstandar enn i dag.

To alternativ

Det er foreslått to alternativ til kryssing over Dalsfjorden.

Begge har landfeste på Nautvikneset i aust, medan Alternativ 1 har landfeste på Skrubbeneset i vest og det andre alternativet har landfeste på Kvanngardsneset.

Det er førebels foreslått flytebru, med sluse for skipstrafikk. Andre alternativ kan utgreiast som ein del av arbeidet med kommunedelplan og konsekvensutgreiing.

Frist og planforlag

Frist for høyringa er sett til 23. mars 2020. Gjer vel i å sende eventuelle innspel til postmottak@volda.kommune.no eller per post til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda.

Heimelen er plan- og bygningslova § 11-12 og § 11-13.

Her finn du forslag til planprogram - Kommunedelplan Fjordkryssing Dalsfjorden (PDF, 3 MB).

Kontakt

Erlend Sporstøl Vikestrand
planleggar og miljørådgjevar
E-post
Mobil 941 59 680