Offentleg ettersyn: Regulering av parkering ved Høgskulen i Volda

Klikk for stort bileteKart:10.10.2019. Rød linje er områdeavgrensing og blå prikker er skilt parkeringssone. Illustrasjon Høyring av sak om «vilkårsparkering» langs offentleg veg og offentlege parkeringsplassar.

Volda kommune har inngått intensjonsavtale med Høgskulen i Volda (HVO) om planlegging av avgiftsparkering på høgskuleområdet. Avtalen vart signert 01.02.2019.

Saka har sin bakgrunn i dialogen mellom Volda kommune og HVO, der ein skulle sjå nærare på behovet om regulering av parkeringa på høgskuleområdet.

Kva det inneber

Restriksjonane er knytt til at når ein kjører inn i parkeringsona vil det vere parkering forbode på alle offentleg regulerte områder og langs offentlege vegar.

Unntaket er når det er skilta at det er lovleg å parkere t.d. mot betaling eller der det er opna opp for til dømes «parkering for tilsette».

Dette betyr at dersom innbyggarane har tilfredstilt kravet om parkering på eige grunn, vil det ikkje ha nokre konsekvensar.

Ein foreslår at det innanfor parkeringsona er parkering forbode måndag til fredag frå klokka 08:00 til klokka 16:00. Det same vil gjelde for avgiftsparkering.

Vedtak til offentleg ettersyn

I styremøte 13. juni 2019 vedtok HVO å innføre avgiftsbetaling for sine områder og at dette skulle skje i nær kontakt med Volda kommune så snart som råd i haustsemesteret.

Tenesteutvalet for forvaltning og utvikling (TFU) handsama saka i møte 28. januar 2020, sak 07/20, og fatta vedtak om å legge sak om innføring av «vilkårsparkering» langs offentleg veg og offentlege parkeringsplassar ut til offentleg ettersyn i seks veker.

Kommunen ber om innspel til saka innan 31.03.2020. Innspel kan merkast med «Innspel vilkårsparkering – sak 19/12134» og skal sendast til:

  • E-post: postmottak@volda.kommune.no
  • Brev: Stormyra 2, 6100 Volda

Vedtaket i TFU finn du her: Melding om politisk vedtak - Regulering av parkering ved Høgskulen i Volda (PDF, 2 MB)