Om felling av tre i Hamnegata

Klikk for stort bileteVolda kommune presiserer at det er ynskjeleg å behalde vegetasjonen langs Hamnegata i samband med graving og nedlegging av høgspentkabel i sentrum.

Vi registrerer at det er mykje engasjement i denne saka og vi er glade for at innbyggjarane aktivt deltek i diskusjonar og debattar, som driv utvikling av kommunen framover. I det høvet ynskjer kommunen å kome med nokre presiseringar, til informasjon for innbyggjarar og andre interesserte.

Noko av merksemda i saka har vore retta mot at trea som står langs kaikanten i Hamnegata kan kome til å bli fjerna. Utbyggar av høgspentanlegget har vendt seg til kommunen med spørsmål om å få løyve til å fjerne trea dersom det skulle vise seg å verte naudsynt for å få kablane på plass.

Kommunen har stilt seg positivt til dette, men sett som vilkår at dei i så fall må erstattast med nye tre, eventuelt at utbyggar tek arbeidet og kostnadane med å montere betongkulvertar (spesialbygde plantekassar) nede i bakken ved minimum seks punkt langs kaikanten.

Dette vil mogleggjere at nye tre kan plantast i tilstrekkeleg mengde mold for å utvikle seg godt og – bidra til eit grønt og frodig gatemiljø i Volda sentrum. Dei trea som stå der i dag er i dårleg forfatning og treng avløysing.

Etter å ha sjekka eigedomstilhøva meir inngåande viser deg seg at dei aktuelle trea står på staten sin grunn og at dette såleis i prinsippet er ei sak mellom Statens vegvesen (grunneigar) og Mørenett AS (utbyggar).

I kommunen vert det jobba med planar for å utvikle heile området mellom bygningane i hamnekvartalet og sentrumshamna, slik at det kan etablerast ei moderne miljøgate. Tiltak som dette er derfor av stor interesse som det er naturleg at kommunen engasjerer seg i og meiner noko om.

Slik kommunen oppfattar utbyggar, tek ein sikte på å grave grøfta til høgspentkablane på ein måte som gjer at ein unngår å skade røtene på trea i Hamnegata. Dersom dette er mogleg har ikkje vi merknadar til gravinga i området.

Det er likevel ynskjeleg frå vår side å få på plass konstruksjonar i bakken som gjer det mogleg å plante nye tre i framtida, slik at dei gamle trea kan erstattast på sikt. Slike konstruksjonar i bakken vil det vere utfordrande å grave ned etter at kablane er lagt.

Kvifor vert det lagt kablar?

I samband med omlegging til ferjer med elektrisk framdrift må det leggast nye høgspentkablar til ferjekaia på Vikeneset i Volda sentrum.

På grunn av at ladestasjonar skal plasserast i nærleiken, treng ferjeselskapet tilstrekkeleg straumtilgang.

Kvifor går dette ut over trea?

Utbyggar av høgspentanlegget - som er Mørenett AS – har, slik Volda kommune har forstått det, vurdert ulike alternative trasear for kor kablane kunne ligge.

Dei har kome til at den beste løysinga er å legge desse i området på utsida av riksvegen langs hamna.

Dette er truleg gjort utifrå ei vurdering saman med vegvesenet av at stenging/trafikkhindring på riksvegen ville vere kompliserande for anleggsarbeidet. Ein vil då t.d. måtte stenge køyrefelta medan arbeidet går føre seg.

Kan trea bli kappa ned og fjerna?

Volda kommune ynskjer at trea anten vert tekne vare på slik dei står no eller at det vert lagt til rette for at ein kan plante nye.

Skulle det verte vanskeleg å bevare trea slik dei står i dag, har vi lagt fram forslag som mogleggjer etablering av nye tre med gode veksttilhøve - ei ordning som etter vårt syn er den mest framtidsretta.

Men, ettersom dette er statleg grunn, vil det altså vere opp til Statens Vegvesen om dei ynskjer å vere med på og akseptere ei slik løysing. Statens vegvesen er kontakta og førespurd om dette.

Kva betyr dette for området elles?

Kommunen har eit godt samarbeid med utbyggar av kabelanlegget og som gevinst får vi mellom anna rusta opp ei lang strekning av turvegen i Elvadalen for ein rimeleg sum.

Det vert også lagt kabel for veglys til turvegen og sett opp fundament for lyktestolpar samstundes som kablane til Vikeneset vert gravne ned.

Kontakt

Jørgen Vestgarden
utviklingssjef
E-post
Mobil 904 70 915
Torgeir Stensø
planleggar
E-post
Telefon 70 05 87 55