Ombygging av legesenterbygget

Klikk for stort bileteKartskisse


Volda kommune v/ eigedomsavdelinga skal gjennomføre ei innvendig ombygging i Legesenterbygget. Arbeida skal i hovudsak gå føre seg i delar av 2. og 4. etasje som vender mot sør, dvs. mot sparebankbygget.

Arbeida er planlagt å starte opp i veke 47, og er venta å vare i vel 3 månadar.

Arbeida må utførast i rekkefølgje og vert delt opp i to fasar;
I:  I 4. etasje skal det innreiast garderobar, møte- og pauserom for tilsette ved Legesenteret.
II: I 2. etasje skal det innreiast nye kontor, der pause- og møterom er plassert i dag.

Det vil verte etablert eit riggområde for entreprenøren på fortauet sør og aust for bygget. Her vil det også verte tilkomst for inn- og uttransport av varer- og materiell. 
 
Kontaktperson i Volda Kommune:  
Anne-Mari Falkevik
Prosjektleiar bygg